Fann garn til tjuvfiskarar i fjorden

Ulvolege garn

Ulvolege garn Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Fleire fiskarar vart fanga i eige nett då Statens Naturoppsyn var ute og kontrollerte garnbruken natt til tysdag.

DEL

– Vi har våre kontrollar, og på den vi hadde natt til tysdag kom vi over fire garn som vart beslaglagde, seier Stig Inge Hauge i Statens naturoppsyn i Florø til Firda.

Han fortel at kontrollen dei hadde vart gjort i Førdefjorden, og ifølgje Vest politidistrikt i Florø, vart eitt garn i Redalsvika, eitt i Løvika og to i Kråkenesvika kverrsett i natt.

Flyt i vatnet

– Grunnlaget for å kverrsette garna er at dei vert brukt til ulovleg fiske, truleg etter sjøaure og laks, seier Hauge.

For at eit garn skal vere lovleg må det ha ei maskevidd på under 32 millimeter, frå knute til knute. Om den overskrid dette må toppen av garnet vere senka minimum tre meter under havoverflata.

Ulvolege garn

Ulvolege garn Foto:

– Dette er minimumsdjupna ved lågaste lågvatn. Dei vi tok opp i natt låg å flaut i overflata, legg Hauge til.

Han fortel vidare at denne typen garn stort sett dukkar opp når laksen byrjar å komme inn mot elvane.

Nedgang i talet garn

– Men eg trur det har vore ein nedgang i det ulovlege fiske. Vi finn færre garn no enn tidlegare, seier Hauge.

Han peikar på at grunnlaget for regelverket er at både laksestammen og sjøaurestammen er truga, og at ein difor har gjort grep for å kontrollere forvaltninga.

Ulvolege garn

Ulvolege garn Foto:

– Men det er dessverre vanskeleg å finne ut kven som eig garna vi tek opp. Greier vi å identifisere dette, vil det bli meldt til politiet, så vert det deira oppgåve å ta det vidare, seier Hauge.

Artikkeltags