Dei nye oppblåsbare redningsvestane treng vedlikehald

Det kan komme som eit sjokk når redningsvesten ikkje fungerer dersom uhellet skulle vere ute. Derfor er det viktig å sjekke om redningsvesten er like heil og er ok.

Det kan komme som eit sjokk når redningsvesten ikkje fungerer dersom uhellet skulle vere ute. Derfor er det viktig å sjekke om redningsvesten er like heil og er ok. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Dei aller fleste veit ikkje at redningsvesten går ut på dato og at den må haldast ved like.

DEL

Ei brukarundersøking utført av Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap viser at få veit at den oppblåsbare redningsvesten må haldast ved like og at den går ut på dato. Ni av ti opplyser at dei ikkje veit korleis dei skal halde redningsvesten ved like.

Falsk tryggleik

Oppblåsbar redningsvest er i ferd med å ta over for redningsvestar med flyteelement. 40 prosent eig i dag ein oppblåsbar vest, men ein av tre har aldri kontrollert vesten.

– Så mange som 9 av 10 veit ikkje korleis den oppblåsbare redningsvesten, populært kalla pølsevest, skal haldast ved like. Det kan bety falsk tryggleik å gå med ein oppblåsbar redningsvest som ikkje er sjekka at fungerer, seier Torgeir Neergaard Berg, prosjektleiar i førebyggande avdeling i Redningsselskapet.

Må ha årleg vedlikehald

– Oppblåsbare redningsvestar må ha årleg vedlikehald. Cellulosetablettane må skiftast for at redningsvesten skal fungere som den skal. Dette er det mogleg å gjere sjølv på ein enkel måte, seier Jan Olav Nilssen, sikkerheitssjef i If Skadeforsikring.

Nilssen opplyser at det finst to typar cellulosetablettar, gul og svart. Den gule er merkt med produksjonsmånad, dag og år. Den svarte er merkt med ein utløpsdato.

På grunn av cellulosetablettane er det viktig at vesten blir lagra tørt når den ikkje er i bruk. Fukt kan føre til at tabletten ikkje fungerer som den skal.

Går ut på dato

Sjølv om du sjekkar cellulosetabletten med jamne mellomrom, vil vesten ikkje vare evig.

– Føresett godt vedlikehald, tilrår vi at dei oppblåsbare redningsvestane vert skifta ut etter ti år, seier Nilssen.

Sjekkliste

  • Opne vesten og sjekk cellulosetabletten i samsvar til bruksrettleiinga frå produsenten
  • Skru ut gasspatron, veg den og sjekk at ikkje toppen er perforert, rusta eller skadd
  • Sjekk vesten for skadar og slitasje (reimar, fløyte mm)
  • Kontroller at vesten held på lufta
  • Skriv dato for service på vesten

Artikkeltags