Angedalen og Instedalen får kvar sin Draumeplass

VANN I FJOR: Ein av vinnarane i fjor var gapahuken til Atløy 4H.

VANN I FJOR: Ein av vinnarane i fjor var gapahuken til Atløy 4H. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FRITID: Fem nye plassar skal bli til Draumeplassar i regi av 4H og Gjensidigestiftinga.

DEL

– Vi vann! Dette var kjekt! No gler vi oss til jobben og håpar vi får til ein fantastisk plass til glede for alle, seier Ann Kristin Sønnervik i ei pressemelding frå 4H Sogn og Fjordane.

Sønnervik er med i Solstrålen 4H i Førde. 4H-klubben skal bruke pengane til å lage gapahuk i Botnen i Angedalen. Det skal dei gjere saman med Angedalsgruppa.

14 søknadar

Årets vinnarar av 4H sitt Draumeplass-prosjekt er Norane Idrettslag i Sogndal, Jomentum Barnekor i Florø, Bergkrystallen 4H i Lavik, Solstrålen 4H i Angedalen i Førde og Instedalen skianlegg i Naustdal. Vinnarane får 100 000 kroner og prosjekthjelp til å lage ein naturmøteplass. «Draumeplassen» er støtta av Gjensidigestiftinga.

14 søknadar var leverte innan fristen.

– Det er kjekt når responsen er så god. Vi skulle gjerne hatt pengar til alle, for det er mange gode prosjekt som er eigna som læringsarena for natur og miljøaktivitetar, seier prosjektleiar Roger Eide i 4H.

Dette er fjerde gongen Draumeplass-konkurransen er gjennomført.

HYTTE: Troda 4H frå Davik i Bremanger var ein av Draumeplass-vinnarane i 2015. Sidan den gong har dei bygd denne hytta og laga til plassen.

HYTTE: Troda 4H frå Davik i Bremanger var ein av Draumeplass-vinnarane i 2015. Sidan den gong har dei bygd denne hytta og laga til plassen. Foto:

Konkurransereglar for Draumeplassen 2018:

-  Plassen skal kunne brukast av alle som vil

- Barn og unge skal vere aktive i heile prosessen

- Vi vektlegg kreativitet og nytenking

- Det er positivt om prosjektet har fleire samarbeidspartar  

- Vi vektlegg skildringar som viser omtanke for naturen

- Vi vektlegg plassar som er eigna som læringsarena for natur- og miljøaktivitetar 

- Vi vektlegg søknadar som inkluderer turveg/turstiar og fysisk aktivitet 

Søknadsskjema finn ein på www.naturmøteplass.no

JURYEN: RogerEide, André Gåsemyr, Hjørdis Vik og Åge Avedal.

JURYEN: RogerEide, André Gåsemyr, Hjørdis Vik og Åge Avedal. Foto:

Artikkeltags