Framtidsfylket går saman med Hordaland

SAMARBEID: Frå venstre: Linda Hovland (Framtidsfylket), Heidi Torkildson Ryste (Trainee Indre Hordaland) og Nandor Helgheim (Framtidsfylket).

SAMARBEID: Frå venstre: Linda Hovland (Framtidsfylket), Heidi Torkildson Ryste (Trainee Indre Hordaland) og Nandor Helgheim (Framtidsfylket). Foto:

Ordninga der nyutdanna får prøve seg i arbeidslivet i Sogn og Fjordane, Framtidsfylket trainee, skal no samarbeide med Trainee Indre Hordaland. Saman vil dei tilby eit endå større traineeprogram.

DEL

– Vi gler oss over å kunne tilby eit endå større traineeprogram, både til bedriftene og til dei unge lovande som søker på desse stillingane.

Det seier Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket.

Sidan starten i 2004 har 230 traineear gjennomført programmet til Framtidsfylket. Dei opplyser at åtti prosent blir verande etter at året som trainee er ferdig. Ifølge styreleiar Nandor Helgheim er Framtidsfylket allereie den største regionale traineeordninga i landet:

– Årleg hentar programmet mellom tjue og tretti høgt kvalifiserte unge arbeidstakarar til Sogn og Fjordane, seier Helgheim, som trur samarbeidet og utviding til Vestland fylke vil gjere ordninga til eit godt verkemiddel for Vestland.

– Eit samarbeid gir oss fleire å sparre med, og vi har tru på at dette vil bidra til ei forbetra utgåve av traineeordninga, både for traineeane og bedriftene som er med, seier Hovland.

Samarbeidet startar allereie i haust. Først som ein test, men målet er varig samarbeid. Prosjektet har støtte frå begge dei gamle fylkeskommunane, og frå Sparebanken Vest og Hardangerrådet.

Ser felles utfordringar

– Indre Hordaland og Sogn og Fjordane har mange av dei same utfordringane, både når det gjeld geografisk avstand, små tettstadar og næringsstruktur. Det gir grunn til å tru at ein kan ha nytte av felles strategiar og mål, seier Gunn Mæland Dagestad, styreleiar i Trainee Indre Hordaland.

Heidi Torkildson Ryste, dagleg leiar i Trainee Indre Hordaland er klar for ein ny start for programmet:

– Det er svært positiv utvikling i store delar av næringslivet for tida, både når det gjeld teknologi- og industribedrifter, men også innan reiseliv og cider. Derfor er det eit svært godt tidspunkt å relansere traineeordninga i Indre Hordaland. Vi er glade for å ha fått ein sterk partnar som Framtidsfylket med på laget.

Ber bedrifter melde seg

Den nye traineeordninga ber bedrifter om å melde seg raskt dersom dei vil ha traineear neste år.

Ifølge framtidsfylket.no skal traineebedriftene bli presentert 1. desember i år, med søknadsfrist for traineeåret 2020/2021 i mars neste år.

Artikkeltags