Frp går ut av regjeringa

Av
DEL

Det opplyste Siv Jensen på ein pressekonferanse måndag ettermiddag.

Partiet går ut av regjeringa etter usemje om at ei IS-sikta kvinne og hennar to barn vart henta heim.

– Vi har heile tida vore villige til å hente heim uskyldige barn, men vi kompromissar ikkje med folk som aktivt har slutta seg til terrororganisasjonar. Det fekk begeret til å renne over, sa Frp-leiaren.

– Eg tok Frp inn i regjeringa, og no tek eg Frp ut, sa ho vidare.

Tidlegare måndag uttrykte Frank Willy Djuvik (Frp) at han trudde dette kom til å bli utfallet. Tilliten mellom regjeringspartia er tynnsliten, meinte han.

– Mi klare oppfatning er at det er eit enormt fleirtal blant veljarar og tillitsvalde som no meiner at begeret har runne over. Tida er inne for å gå ut av regjering.

Firda kjem tilbake med meir.

Artikkeltags