Gå til sidens hovedinnhold

404 - File Not Found

[]

Gir oss eit kikhol til Sunnfjord 100 år tilbake i tid

Bygdeliv, portrett og landskap. Korleis var livet i Sunnfjord på starten av 1900-talet? Når arkivet etter fotografen Olai Fauske no blir digitalisert, får vi ein unik sjanse for tilbakeblikk.

Artikkelen er over 4 år gammel

Olai Fauske (1887–1944) frå Naustdal jobba som fotograf i Sunnfjord frå 1905 til 1944. No jobbar Fylkesarkivet med å gjere arkivet etter han digitalt. 7500 av 9000 negativar er så langt digitaliserte.

– Det er viktig for å gjere materialet tilgjengeleg for publikum. Det er det vi jobbar for heile vegen, for at det skal nå ut til folk og bli tatt i bruk.

Det seier konservator Elin Østevik ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Nyleg la dei ut 150 høgdepunkt på bildedelingstenesta Flickr under tittelen «Småbyliv i Sunnfjord». Alle bilda ligg i fotobasen til Fylkesarkivet, som også er tilgjengeleg for alle.

– Det er stort sett 9000 unike bilde som er tatt mellom 1905 og 1944 då Fauske døydde, seier Østevik.

Fauske vart i 1887 fødd på garden Fauske som den gongen låg i Naustdal kommune. Han var den eldste sonen frå mora sitt andre ekteskap, og arva derfor ikkje garden. Dessutan hadde han dårleg helse og kunne ikkje velje ein karriere med hardt fysisk arbeid. I 1904 bestemte han seg for å bli fotograf.

– I 1905 gjekk han i lære hos Otto Talle i Bergen. I kontrakten heitte det at han kunne vere der i åtte månadar, men kunne slutte tidlegare viss han følte han hadde lært nok. Kor lenge han faktisk var der, er uvisst, seier Østevik.

 

Etter læretida reiste han tilbake til Naustdal og begynte å jobbe som fotograf same året. I 1912 flytta han verksemda si til Førde, der han laga atelier i huset sitt. Her jobba han til han døydde i 1944.

– Fauske-samlinga er ganske unik. I tillegg til det fotografiske materialet har vi privatarkiv etter han. Her på Fylkesarkivet har vi brev, ordrebøker og rekneskapsmateriale. Sunnfjord museum har kamera og andre gjenstandar frå atelieret hans.

Prosjektet med digitaliseringa er eit samarbeid mellom Fylkesarkivet og Sunnfjord Museum. Dei har i tillegg fått støtte frå Førde kommune og Norsk kulturråd.

– Bilda i seg sjølv er viktig kulturhistorisk materiale. Han var nærast einerådande som fotograf i dei første tiåra han var aktiv. Mange av bilda hans er den einaste visuelle kjelda vi har av fortida.

Størsteparten av bilda etter Fauske er portrettbilde, både klassiske atelier-portrett av enkeltpersonar eller grupper.

– Ein viktig del av portrettfotograferinga er oppdrag i høve bryllaup og gravferder. Han var viktig i folk sine liv i dei store rituala, seier Østevik.

Han fotograferte dessutan ein del for Sunnfjord Ungdomsskule og daglegliv i Sunnfjord. – Folk som hadde vore på fisketur eller jakt, eller hendingar i bygda. Ein anna viktig del av virket hans var postkort som han gav ut. Dessutan var Fauske ein aktiv nynorskforkjempar. Det gjorde han eit poeng av i marknadsføringa av postkorta. Det skulle vere godt språk på baksida, seier konservatoren.

Ein del av digitaliseringsprosjektet er å samle inn opplysningar til bilda. Her har dei tatt utgangspunkt i Fauske sine eigne ordrebøker som gjerne har namn på oppdragsgivar eller personar på bilda. I tillegg har dei delt bilda i ulike grupper på Facebook, der dei har spurt etter hjelp til å identifisere folk.

– Responsen har vore veldig god. Vi får mykje kommentarar og diskusjonar om kven som er på bilda. Sjølv om vi deler bilde på eigne nettsider, og folk kan sende oss tips, så er Facebook ein veldig viktig kanal. Då er vi på ein arena der vi møter folk som har interesse for kulturhistorie. Det er ein kjempeverdi, seier Østevik.

Oddlaug Reiakvam (1940–1996) var ein norsk etnolog med fotografi som spesielt forskingsfelt. Ho har analysert fotoarkivet etter Fauske.

– Ho la vekt på at samlinga fortel om brytninga mellom det tradisjonelle bygdesamfunnet og det moderne samfunnet som var under framvekst på starten av 1900-talet, fortel Østevik.

I rekneskapane etter Fauske ser konservatoren at det kosta 3 kroner for seks bilde i eit lite visittkort-format.

– Desse prisane var nok frå tidleg i karrieren hans. For større grupper og landskap kosta det 12 kroner for seks stykke. På den tida var fotografering noko folk flest kunne ta seg råd til, seier Østevik.

Ho viser til at den fotografiske teknikken blei utbetra på 1860-1870-talet, og at det då blei lettare å masseprodusere.

Planen no er å fullføre digitaliseringsjobben. Heile negativ-samlinga skal vere digital ved utgangen av 2017. Gjennom Flickr og fotobasen til Fylkesarkivet er alle bilda offentleg tilgjengelege. I tillegg blir gjenstandssamlinga etter Fauske fotografert og registrert, og privatarkivet etter han er gjort mogleg å søke i.

– Då har vi gjort det vi hadde planar om; å løfte fram breidda i Fauske-samlinga. No håpar vi folk oppdagar det og vil ta det i bruk, seier Østevik.

Sjå fleire bilde frå samlinga på Flickr eller fotobasen til Fylkesarkivet.

Kommentarer til denne saken