Festen enda med blod og politibesøk

DEL

Under ein fest på Solhov ungdomshus i Sogndal natt til søndag, enda to menn i slåstkamp.

Politiet blei tilkalla og reiste ut til staden.

– Det var to menn som var involvert i krangelen, seier Stein Rune Halleraker, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Ein av dei blødde litt frå nasen og munnen etter slagsmålet, men det var ingen alvorlege skader.

Ingen av dei involverte blei arresterte, men fekk beskjed om å halde seg vekke frå staden.

Så langt har ingen av personane meld saka til politiet, det blir eventuelt måndag, forklarar Halleraker.

Artikkeltags