Runar skadd etter hard takling – ute i fleire månader

Trondheim  20190428.
Vikings Runar Hove blir skadet og byttes ut.  Ranheim møter Viking til eliteseriekamp på Extra arena i Trondheim.

Trondheim 20190428. Vikings Runar Hove blir skadet og byttes ut. Ranheim møter Viking til eliteseriekamp på Extra arena i Trondheim. Foto:

I helga vart Viking-spelar Runar Hove skadd etter ei hard takling i kampen mot Ranheim. No viser det seg at han har eit brot i kneet.

DEL

(FIRDAPOSTEN): Han vart takla knallhardt av ein Ranheim-spelar i helga, og gjekk ned for telling.

Svara frå MR-undersøkinga i etterkant viser at Hove har eit brot i kneet etter taklinga. Det melder Eurosport.

– Å lege skaden tar vanlegvis rundt seks til åtte veker. Deretter må ein rekne nokre vekers opptreningsperiode for å komme seg opp i full belastning, så det kan fort gå opp mot tre månader, seier medisinsk ansvarleg i Viking, Halvard Grova, til Eurosport.no.

Stopparen frå Florø har fått ein god start på eliteseriesesongen, men no blir det altså ein lang pause for Hove.

Viking har no ei utfordring, då den andre delen av stopparparet, Alex Andresson, er ute resten av sesingen med ei leddbandsskade.

Runar Hove er vår mann i eliten 

Artikkeltags