Over 40 i Forsvaret seier dei har blitt valdtekne det siste året

Av

24 kvinner og 20 menn i Forsvaret seier i ei spørjegransking at dei vart valdtekne det siste året. Ytterlegare 123 seier dei har vorte prøvd valdtekne.

DEL

Det fortel NRK, som viser til ei spørjegransking Forsvaret gjennomførte blant 8.800 tilsette og vernepliktige i oktober i fjor. Undersøkinga er den hittil største Forsvaret har gjennomført om temaa mobbing og seksuell trakassering.

Spørsmålet som er stilt er desse:

– Har du som tenestegjerande i Forsvaret dei siste 12 månader opplevde, enten i eller utanfor tenestetid, å bli tvinga til å utføre seksuelle handlingar?

I undersøkinga er svara oppgitt som prosent, men NRK har rekna seg til at til saman 24 kvinner og 20 menn har oppgitt å ha vorte valdtekne det siste året.

Forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen seier at han er overraska over omfanget.

– Vi er mange menneske som er saman, Forsvaret er gjennomregulert og vi har sett i verk ei rekke tiltak. Så at vi har såpass mange hendingar i og utanfor teneste overraskar meg og gjer meg ekstra forbanna, seier Bruun-Hanssen.

Han reagerer òg på det faktumet at berre to av sakene har vorte melde til politiet.

– Vi får ikkje bukt med denne typen utfordringar med mindre det finst eit klart varsel. Utan eit klart varsel, skjer det ikkje noko, seier forsvarssjefen.

Undersøkinga viser òg at det framleis er problem med mobbing, trakassering og integrering av kvinner i Forsvaret.

To av fem kvinner seier dei har fått støytande eller upassande kommentarar om at menn/kvinner ikkje passar til å utføre eller ikkje burde ha moglegheita til å utføre visse typar arbeidsoppgåver, skriv VG.

Artikkeltags