Han er ny sjef for Vestlandsforsking

NY DIREKTØR: Anders-Johan Almås får utsikt til sin gamle arbeidsplass hjå Høgskulen på Vestlandet når han blir ny direktør for Vestlandsforsking.

NY DIREKTØR: Anders-Johan Almås får utsikt til sin gamle arbeidsplass hjå Høgskulen på Vestlandet når han blir ny direktør for Vestlandsforsking. Foto:

Anders-Johan Almås frå Leikanger er tilsett som ny direktør ved Vestlandsforsking.

DEL

Almås kjem frå stillinga som seniorrådgivar i avdelinga for forsking, internasjonalisering og innovasjon ved Høgskulen på Vestlandet. Han har tidlegare arbeidd hos mellom anna SINTEF og Multiconsult, skriv Vestlandsforsking i ei pressemelding.

Den nye direktøren har utdanning som sivilingeniør, med doktorgrad frå NTNU innan temaet berekraftig klimatilpassing av bygg og anlegg. Han har også arbeidd med innovasjon og annan klimarelatert forsking.

Almås er på plass på instituttet i Sogndal i løpet av hausten.

Artikkeltags