Får nesten 8 millionar til miljøprosjekt om gruveavfall

GEOLOGI OG ØKOLOGI: Professor Pål A. Olsvik skal elie eit stort miljøprosjekt om potensielle effektar av gruvedrift. Her frå Førdefjorden.

GEOLOGI OG ØKOLOGI: Professor Pål A. Olsvik skal elie eit stort miljøprosjekt om potensielle effektar av gruvedrift. Her frå Førdefjorden. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Professor Pål A. Olsvik får nær 8 millionar kroner for å undersøke korleis dumping av masse frå gruveindiustrien påverkar økosystem i fjordar.

DEL

– Målet med prosjektet er å undersøke potensielle effektar av gruvedriftavfall som partiklar, tungmetall og prosesskjemikal hos sensitive artar som zooplankton og fiskelarver i norske fjordar. Samt å utvikle biologiske modellar over kva effektar sjødeponi kan ha på populasjonar og fysiske modellar for spreiing av partiklar.

Det seier Olsvik til nord.no. Olsvik har forska på korleis tungmetall og prosesskjemikal frå gruveindustrien påverkar fisk, og han har vore med på å gje råd til styresmaktene om sjømatsikkerheit.

– Det var i høve med planlagde sjødeponi i Repparfjorden i Finnmark og i Førdefjorden, seier Olsvik til nord.no.

Nord universitet er prosjektleiar for miljøprosjektet i MARINFORSK-programmet i Forskingsrådet. Programmet er ei «tematiske satsing på marin forsking», og programmet «har ansvar for forsking knytt til hav- og kystområde».

Artikkeltags