– Du har meir sex og blir raskare gravid med sjømat på menyen

De som spiser fisk og skalldyr minst to ganger i uken blir raskere gravide enn andre.

De som spiser fisk og skalldyr minst to ganger i uken blir raskere gravide enn andre. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

SAMFUNN: Par som et fisk og skaldyr minst to gonger i veka har meir sex og blir raskare gravide, ifølge studie.

DEL

Østers har lenge hatt rykte på seg for å gje økt seksuell appetitt. No viser ein studie at fisk og skaldyr ser ut til å auke fruktbarheita. Det melder forskning.no.

Forskarar har undersøkt ete- og sexvanane til 500 heterofile par i to amerikanske statar. Dei som åt mykje sjømat rapporterte at dei hadde oftare samleie enn andre. Studia er publisert i tidsskriftet Journal of Clinical Endocrinology & Metabolism.

Alle para som var med på forskinga hadde planar om å få barn i løpet av det nærmaste året. De 1.000 deltakarane rapporterte kva dei åt kvar dag og blei følgt opp i eitt år eller inntil den blå streken dukka opp på graviditetstesten.

Det viste seg at kvinnene som åt mykje sjømat, lykkast betydeleg raskare med å bli gravide. Før året var omme hadde 92 prosent av dei blitt gravide. Blant dei andre para som berre åt sjømat ein gang innimellom, hadde 79 prosent lykkast.

– Våre resultat viser at det kan vere lurt å sette meir sjømat på menyen for par som vil forsøke å få barn, seier Audrey Gaskins ved Harvard TH Chan Scool og Public Health til magasinet New Scientist, ifølge forskning.no.

PS! Dei para som åt mest sjømat, hadde også samleie 22 prosent oftare enn andre par, viser studia. (ANB)

Artikkeltags