Fortalde at vasskadd koffert inneheldt ein TV. Vart raskt avslørt

    Av

    Nordmenn set ny rekord i forsikringssvindel. Her er nokre av dei «beste» sakene.

    DEL

    [NETTAVISEN:] Ifølge Finans Norge er det i løpet av dei første månadane av 2019 avdekka meir forsikringssvindel enn nokon gong.

    I første kvartal prøvde vi nordmenn å svindle forsikringsselskapa for nesten 100 millionar kroner. Det er ei auke frå rundt 70 millionar kroner i same periode i fjor. Men, desse summane gjeld berre dei alvorlegaste sakene, der det samtidig er brot på forsikringsavtaleloven.

    Marknadsleiaren Gjensidige spurte i 2018 4000 personar om forsikringssvindel. Her kom det mellom anna fram at:

    • 3 prosent av dei spurde har ein eller annan gong oppgitt litt for mykje på ei skademelding, 93 prosent svarte nei på dette spørsmålet.
    • 27 prosent trur folk ofte plussar på litt ekstra når det sendast inn skademelding. 46 prosent av dei spurde trur andre forsikringstakarar gjør dette av og til.
    • 8 prosent svarte at forsikringssvindel er forståeleg og kan godtakast. 74 prosent svarte at det ikkje kan godtakast.

    Menn meir liberale

    Generelt har menn og yngre aldersgrupper ein noko meir liberal haldning til forsikringssvindel. Totalt sett vert det derimot avslørt fleire menn enn kvinner som forsikringssvindlarar.

    Menn står også tradisjonelt for dei største svindelbeløpa. Ved hjelp av Gjensidige kan vi gjengje følgande saker – først ein klassikar:

    • Kunden melde verdifulle og antikke møblar skadde etter brann og trudde alt var utbrent. Men undersøkingar viser at alle skruane på staden stamma frå IKEA!
    • Kunde melde til forsikringsselskapet at bilen var stolen. Bilen vart seinare funnen igjen på havets botn av fritidsdykkar og vart heva ved hjelp av kystvakta. Undersøkingar viste blant anna at bilen vart funnen igjen med originalnøkkel ståande i tenningslåsen. Det enda i politimelding, og kunden måtte betale tilbake utbetalt forsikringssum og dekke kostnadar til heving av bil.
    • Kunde på 18 år melde bilen stolen. Gjensidige fekk kort tid etter melding om at ein bil var observert på djupna utanfor ei kai. Dei fekk heva bilen og undersøkingar viste at bilen måtte vere køyrt utanfor med originalnøkkel. Kunden tilstod og fekk avslag på erstatning, måtte betale for heving av bil og vart politimeldt.
    • Kunden reiser frå Norge til ein by i Aust-Europa. I etterkant av flyturen oppdagar kunden at vatn har kome inn i kofferten og gjort skade på ein del av innhaldet. Kofferten inneheldt diverse klede og sko og ein TV. Gjensidige bad om dokumentasjon og gjorde store auge då kvitterninga på TV-en viste seg å vere heile 65 tommar. Undersøkingar viste at måla var nærmare 1 x 1,5 meter, og at det dermed kunne vore helt umogleg for ein TV av denne storleiken å få plass i ein normal stor koffert, om den ikkje var samanleggbar. Krava var 10.000 kroner for sko og klede og 24.000 kroner for ein TV. Kunden vart meldt for forsikringssvindel. Under ser du bilde av ein tilsvarande TV.
    STOR TV: Det skal godt gjerast å få ein TV på denne storleiken inn i ein reisekoffert.

    STOR TV: Det skal godt gjerast å få ein TV på denne storleiken inn i ein reisekoffert. Foto:

    Sjuke og uføre

    Finans Norge skriv at dei seinaste åra er det blitt avdekka svindel for fleire hundre millionar kroner i året. Og, mørketala er altså store.

    De store svindelbeløpa er innanfor sjuke- og uføreforsikringar. Desse svindelsakene gjeld utbetalingar over fleire år, og gjennomsnittleg svindelbeløp er på hele 1,4 millionar kroner.

    – I nokre av desse sakene er det uærlege kundar som forsøker å lure til seg fleire millionar kroner. Dei som står bak dette, svindlar fellesskapet. Samtidig er det viktig å presisere at dei aller fleste kundane er ærlege, seier kommunikasjonssjef Stine Neverdal i Finans Norge i meldinga.

    Slik går forsikringssvindel føre seg:

    • Forsikringstilfelle som ikkje har skjedd blir meldt inn
    • Overdriven skademelding
    • Endre hendingsforløp
    • Uriktig (tilpassa) skadetidspunkt
    • Fysisk arrangert skade

    Kjelde: Gjensidige

    Mest skadesvindel

    Det er forsikringsselskapa sjølv som avslører dei fleste svindlarane. Dei som prøver seg på svindel, risikerer politimelding, fengsel og forsikringsnekt.

    Sjølv om dei store svindelbeløpa gjeld innanfor sjuke- og uføreforsikring, handlar dei fleste sakene seg om skadeforsikring. Nordmenn prøver å svindle med reise-, bil- eller innbuforsikring. Gjennomsnittleg svindelbeløp er på 155.000 kroner.

    – Nokon gongar blir det meldt inn saker til forsikringsselskapa som er fiktive eller oppdikta. Andre saker handlar om å plusse på ekstra eller arrangere ein skade, seier Neverdal.

    GROVE BROT: Stine Neverdal i Finans Norge seier dei verste forsikringssvindlarane prøvar å svindle til seg fleire millionar kroner.

    GROVE BROT: Stine Neverdal i Finans Norge seier dei verste forsikringssvindlarane prøvar å svindle til seg fleire millionar kroner. Foto:

    Artikkeltags