1. mars vart det innført dagbøter for alle utan forsikring på bilen – framleis køyrer titusenvis utan

IKKJE FORSIKRA: Per dags dato køyrer det 39.000 bilar på norske vegar utan forsikring.

IKKJE FORSIKRA: Per dags dato køyrer det 39.000 bilar på norske vegar utan forsikring. Foto:

BIL: – Målet er at alle køyretøy skal vere forsikra, seier leiar i Tryg Forsikring.

DEL

Ferske tal frå Trafikkforsikringsforeininga viser at talet på køyretøy utan forsikring har gått ned 65 prosent sidan lova om dagbøter kom.

Då var det 111.000 køyretøy utan forsikring. No er talet 39.000.

– At bransjen på under eitt år har klart å minske talet med 65 prosent er veldig bra. Tryg Forsikring er kjempefornøgd med at over 72.000 bileigarar har agert og anten avskilta bilen eller forsikra den. Vi har forventningar om ytterlegare reduksjon, seier Espen Opedal, leiar for Tryg Forsikring i ei pressemelding.

Kan bli evig gjeldsslave

Det er stor risiko å køyre utan forsikring. I tillegg til straffegebyr kan eit påføre seg sjølv eit stort økonomisk erstatningsansvar ved påkøyrsel og personskade.

Ein risikerer å betale tilbake erstatninga som dei skadelidande vil få.

– Det er vanskeleg å forstå at nokon tek den risikoen det er å køyre bil utan ansvarsforsikring. I verste fall kan ein ende opp som evig gjeldsslave med erstatningskrav i millionklassen om ein forårsakar ei ulykke med personskade, seier Opedal.

Alle køyretøy med skilt er pålagt ved lov å vere forsikra. Når ein uforsikra bil gjer skade sørger Trafikkforsikringsforeininga for at skadelidande får erstatninga dei har krav på. Deretter avkrev ein den uforsikra bileigaren heile beløpet, som kan vere i millionklassen.

– Så langt har det vore vel 600 trafikkulykker med uforsikra eigarar involvert hittil i år. Det er nesten to kvar einaste dag. Mange av desse har i tillegg vore med personskadar, men også i ulykker utan personskadar kan dette bli kostbart, seier Opedal.

Har betalt ut 150 millionar

Éin prosent av alle køyretøy i Norge er no uforsikra. I fjor blei det utbetalt over 150 millionar kroner til personar som vart utsett for trafikkulykker forårsaka av uforsikra eller ukjende køyretøy.

Gebyrsats per døgn er:

Moped, traktor, motorreiskap og veterankøyretøy: 50 kroner.

Personbil, varebil, campingbil, beltebil, motorsykkel, beltemotorsykkel og snøscooter: 150 kroner.

Buss og lastebil: 250 kroner.

Dersom du ikkje betalar gebyret vil saka kunne ende med inkasso og avskilting ved kontroll.

Artikkeltags