Historisk høge straumprisar

HØGT: Ikkje sidan 2011 har det vore så høge straumprisar i juni.

HØGT: Ikkje sidan 2011 har det vore så høge straumprisar i juni. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

ENERGI: Prisen på straum er 30,7 prosent høgare enn i juni 2017, ifølgje SSB. Byrået omtaler prisnivået som historisk høgt.

DEL

I juni steig prisane for elektrisitet og nettleige med 9,9 prosent, ifølgje SSB.

Auken utgjer ein stor del av auken på 2,6 prosent i konsumprisar det siste året. Ifølgje SSB hadde auken i konsumprisindeksen dei siste tolv månadene vore på 1,6 prosent om det ikkje hadde vore oppgang i straumprisar og nettleige.

Samtidig viser byrået til ein kraftig auke i produsentprisar mellom mai og juni.

Auken er på 19,4 for elektrisitetsprodusentar, og SSB peiker på det tørre og varme vêret dei siste månadene som ein medverkande årsak.

– I juni gjekk fyllingsgraden i norske vassmagasin frå å vere på eit normalt nivå for denne tida av året til eitt lågare nivå enn medianen for perioden 1990-2017, skriv SSB.

Ein må tilbake til 2011 for å finne dyrare produsentprisar for elektrisitet enn i juni 2018.

Artikkeltags