Målet: Kraftsamanslåinga klar innan neste sommar

FOR SAMANSLÅING: Ein fusjon mellom SFE og SE kan verke positivt inn på både nettleiga til kundane og utbytet til eigarane, meiner toppsjefane Johannes Rauboti (t.v.) og Fredrik Behrens.

FOR SAMANSLÅING: Ein fusjon mellom SFE og SE kan verke positivt inn på både nettleiga til kundane og utbytet til eigarane, meiner toppsjefane Johannes Rauboti (t.v.) og Fredrik Behrens. Foto:

ENERGI: Sogn og Fjordane Energi og Sunnfjord Energi tek samanslåingsarbeidet inn i ein ny fase.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

– Dette brenn eg for. Denne samanslåinga trur eg er rett, seier konsernsjef Johannes Rauboti i Sogn og Fjordane Energi (SFE).

– Det verste vi kan gjere, er å sitte stille og ikkje gjere noko. Då blir selskapa avmagra, seier Fredrik Behrens, administrerande direktør i Sunnfjord Energi (SE).

50 millionar å spare

No går dei to energiverka i gang med den neste fasen i samanslåingsprosessen, etter at ulike arbeidsgrupper først har greidd ut potensialet for samanslåinga.

Utgreiingane som no står for tur, vil handle om verdifastsetjing og eigardelar, organisering og forretningsadresser. Målet er no å gå saman i ein full fusjon, som er venta å gi ei årleg innsparing på nær 50 millionar kroner. I månadene framover skal dei to selskapa sjå på korleis samanslåinga kan gjerast. Tidsplanen legg opp til at dette arbeidet skal vere ferdig innan første april 2018, og at det skal vere duka for samanslåing i første halvår neste år – dersom eigarane seier ja.

Meldinga om at dei no går vidare med samanslåingsarbeidet vart kunngjort under eit pressemøte på Skei tysdag føremiddag.

– Vi skal ikkje ha noko meining om kva eigarane vil komme til å gjere. Men på ein skala frå ein til ti tippar eg ein niar på at dei to selskapa kjem til å bli samde om samanslåing, seier SFE-sjef Rauboti til Firda.

Dei to toppsjefane seier dei trur oppriktig på at samanslåinga vil gjere dei to selskapa sterkare, og at ein slik lettare kan ta vare på den offentlege og lokale eigarskapen.

Dei tillitsvalde i dei to selskapa er sentrale deltakarar i prosessen, men ønsker ikkje å uttale seg til media så tidleg i arbeidet.

Uvisse rundt eigarskap

Samanslåingsarbeidet skjer mot eit bakteppe av uvisse rundt den framtidige eigarskapen. Dels handlar det om kva som vil skje med SFE-verdiane i samband med fylkessamanslåinga, og der kraft-storebror BKK i Hordaland har ein forkjøpsrett som skapar problem. Dels er det uvisse rundt kva ulike eigarkommunar i Sunnfjord Energi kan komme til å gjere med aksjane sine.

– Når det gjeld fylkessamanslåinga, kjenner eg meg sikker på at fylkeskommunen ikkje vil gamble med forkjøpsretten. Den inntrer ikkje før det skjer ein transaksjon, seier Rauboti.

Behrens peikar på si side på at ingen andre enn Statkraft har tilstrekkeleg med pengar til å kunne kjøpe andre opp.

Dei to vedgår at det kan skape ein ny situasjon for samanslåinga mellom SFE og SE, dersom eigarkommunar sel seg ut av Sunnfjord Energi, slik at aksjefleirtalet flyttar seg over frå kommunane og til medeigar BKK.

– Men ein vil uansett ha eit negativt fleirtal som hindrar radikale grep, seier energiverksjefane.

Dei minner om at BKK har vore ein god samarbeidspartnar for begge selskapa i lang tid, og at BKK stør samanslåinga dei no arbeider for å få til.

Stranda sist

Eit tidlegare samanslåingsforsøk i 2007 stranda på lokaliseringsspørsmålet. No ser SFE- og SE-leiingane føre seg å unngå ny strid ved å bruke moderne datateknologi, i staden for å flytte på folk.

– Totalt vil det bli færre stillingar. Men det er ikkje noko som tilseier at alt skal vere på ein stad. Dette kan løysast på ein måte der ein ikkje får vinnarar og taparar, trur Rauboti.

Behrens meiner på si side at det no er viktig å ikkje gå i den fella dette fylket ofte har gjort: At ein slåst mot kvarandre, i staden for å møte trugsmåla utanfrå.

Sogn og Fjordane Energi er størst av dei to selskapa som skal slå seg saman, og har fylkeskommunen og BKK som største og nest største eigar. SFE har 260 tilsette, ein produksjon på 1,9 TWh, vel 4000 km linenett og ca. 24.000 nettkundar. Hovudkontoret ligg på Sandane, nettkontoret i Florø.

Sunnfjord Energi er eigd av kommunar i Sunnfjord og Ytre Sogn, saman med BKK. Selskapet har 120 tilsette, 500 GWh produksjon, 3000 km line, og 16.000 nettkundar. Hovudkontoret ligg i Førde.

Artikkeltags