Elvestuen avviser omkamp om gruvedeponi

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) står fast ved at det blir gruvedeponi i Førdefjorden og Repparfjorden.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) står fast ved at det blir gruvedeponi i Førdefjorden og Repparfjorden. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Løyva som er gitt for gruvedeponi i Førdefjorden og Repparfjorden vil ikkje bli endra, fastslår klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

DEL

– Her er det avgjerder som er tekne før Venstre og eg kom inn i regjering. Det er semje om å respektere desse tidlegare vedtaka, sa Elvestuen i spørjetimen i Stortinget onsdag.

SVs Lars Haltbrekken viste til at Miljødirektoratet konkluderte med at den samla samfunnsnytten var større enn ulempene då dei gav grønt lys for deponi i Førdefjorden. Seinare er anslaget for mengda arbeidsplassar redusert.

– Når denne viktige premissen er endra, bør saka vurderast på nytt? – spurde Haltbrekken.

Elvestuen viste til plattforma frå Jeløya då Venstre gjekk inn i regjering. Gjennomslaget var at det ikkje skal kome nye deponi i denne perioden og at ein skal gå gjennom miljølovgivinga for deponering frå gruver.

– Her har vi ein statsråd som ikkje lenger står ved partileiaren si utsegn om at ein «aldri, aldri, aldri må gi seg i så viktige saker», noterte Haltbrekken, som siterte ei utsegn frå Trine Skei Grande til NTB i 2015.

Artikkeltags