Fekk opp til 24.000 i bot

DØMDE: Nokre av aksjonistane i Fjordane tingrett, Tina Andersen Vågenes, Ingrid Skjoldvær, Gjertrud Øvretveit og Ingrid Nedrebø.

DØMDE: Nokre av aksjonistane i Fjordane tingrett, Tina Andersen Vågenes, Ingrid Skjoldvær, Gjertrud Øvretveit og Ingrid Nedrebø. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

I dag kom dommen: Dei ivrigaste Engebø-aksjonistane fekk 24.000 koner kvar i bøter.

DEL

Då lenke-aksjonistane frå første aksjonsdag på Engebøfellet møtte i retten siste veka i november, la aktoratet ned påstand om 12.000 kroner i bot per aksjon dei tiltalte vart arresterte for.

Retten har no avsagt dom og idømt dei tiltalte bøter på mellom 10.000 og 12.000 kroner, pluss sakskostnader. Fleire av dei domfelte hadde gjennomført to aksjonar og er dermed ilagt bøter på totalt 24.000 kroner.

Naudrett for naturen

Under den to dagar lange rettssaka hevda dei ti aksjonistane at dei hadde nytta seg av naudrett. Aksjonistane var urolege for konsekvensane den planlagde gruva i Engebøfjellet og sjødeponi i Førdefjorden vil ha for miljøet. Vitne frå m.a. Havforskingsinstituttet var kalla inn for å gjere greie for kva følgjer dumping av gruveslam i Førdefjorden kan ha på artsmangfald og fiskeartar.

– At vi blir idømt store bøter i forsøk på å hindre eit sterkt kritisert og ureinande gruveprosjekt, er trist. Vi meiner Nordic Minings gruveprosjekt er miljøkriminalitet, vi vil stoppe prosjektet der styresmaktene har svikta, seier Ingrid Skjoldvær, leiar i Natur og Ungdom, i ein kommentar til dommen.

Vil halde fram

Under aksjonane på Engebøfjellet i februar stoppa aksjonistar gruveselskapets prøveboringar i fleire timer dagleg i tre veker. 86 vart arresterte og fjerna av politiet, og over 2000 har sagt seg villige til å delta på vidare aksjonar mot gruvedumping i fjordar. Aksjonistane som møtte i retten i november, meiner det viktigaste vidare er å fortsette arbeidet mot gruvedumping i Førdefjorden.

– Vi står saman med sterke fagmiljø, lokale og bedrifter i området, og seier at dumping av gruveslam i Førdefjorden ikkje er berekraftig. Dette kjem vi ikkje til å gje opp, seier Ingrid Skjoldvær.

Artikkeltags