Per Idar Almås (38) er den nye Førdefestival-sjefen: – Fram til eg var 28 år var planen å bli rockestjerne

Han skulle bli manusforfattar, rockestjerne, radiovert og Tv-produsent. I staden blei han festivalsjef. Per Idar Almås (38) sparkar i gong sin første Førdefestival neste veke, og ikkje berre som sjef. Han har aldri vore på Førdefestivalen før.