Her fraktar dei 700 meter langt røyr i fjorden

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Førdefjorden Energi fraktar no eit enormt plastrøyr frå Hornnes til Øyrane.

DEL

Røyret skal brukast til frakting av vatn mellom fjordbotnen og energisentralen som Førdefjorden Energi har på Øyrane i Førde. Det består av ei rekke tolv meter lange plastrøyr som nyleg blei sveisa saman ved Hornnes.

– Røyret skal leggast på sjøbotnen og gravast ned inn mot land, seier prosjektleiar Magne Hjelle ved Førdefjorden Energi.

Hjelle fortel at det samansveisa røyret er rundt 700 meter langt. Det er Entreprenørservice som har ansvaret for fraktinga av røyret. Røyret blir slept i låg fart ved hjelp av fleire båtar.

Les meir om Førdefjorden Energi sitt fjernvarmeprosjekt:

Arbeidet med fjernvarmeanlegget er i full gang.

Førdefjorden Energi har fått avtale med dei store kundane.

Har fått klarsignal frå alle eigarane.

Foto:

Artikkeltags