– Det var jammen på tide at dette blei felt. Ein liten storm, og treet kunne gått rett i huset.

Det seier Jan Tore Gravdal, prosjektleiar for trefellinga. Han og Gravdal Skog & Hageservice fekk denne fredagen i oppdrag å felle ein blodbøk som stod få meter unna eit hus i Erdalen.

Sjå video av fellinga til høgre.

Treet var truleg 20–25 meter høgt, og veldig tjukt. Og det var eit skikkeleg gamlis-tre, truleg over 200 år, meiner Gravdal.

Uhyre av ei motorsag

– I utgangspunktet skulle vi berre toppe treet. Men huseigar får så mykje lauv i tak og takrenner, at vi bestemte oss for berre å felle det, seier Gravdal.

Treet var delt i fleire stammer. Han fortel at den eine stammen helte veldig mot huset, og var truleg berre ein storm unna å kvelve over. Det var heller ikkje huseigaren så sugen på.

Det var formann Kai Inge Norbotten som tok motorsaga fatt under fellinga. Og det var ikkje ei pinglemotorsag, men eit uhyre med eit to meter langt sverd. Nordbotten har felt sin porsjon med tre, så han var ikkje nervøs før fellinga.

– Men litt spennande er det, innrømte han før han tok på seg klatreutstyret.

Tok bilen fatt

Først måtte han nemleg klatre så godt som til topps i treet for å feste tauet. Blodbøk er ganske harde tre, så det var ikkje berre enkelt å få broddane i skoa hans inn i stamma.

Deretter blei andre enden av tauet festa til ein bil. Ettersom vinden jobba feil veg, var dette for å sikre dragkrafta i riktig retning. Så fekk Nordbotten fyrt opp monstersaga, og gjekk i gang med å skjere felleskaret i trestammen. Men det var ikkje uproblematisk, for kjeda på motorsaga var i største laget, så den hoppa av fleire gongar.

I bakken med eit brak

Men ekte arbeidskarar gir ikkje opp, og det gjorde heller ikkje desse gutane. Etter nokre kjedejusteringar fekk Nordbotten sett eit blodraudt felleskar i treet. Deretter jobba prosjektleiar Gravdal med gass og clutch på

bilen, og til slutt gav bøken etter med nokre nervøse knak. Eit majestetisk drønn av eit siste utpust høyrdest idet stamma trefte bakken, og lauva bles grasiøst vekk frå treets dødsleie.

– Dette gjekk kjempebra, meinte Gravdal-gutane.

Då treet var felt kunne ein sjå store mengder rote inne i stamma, som forsterka Gravdal sin teori om at treet var nær å falle om på eiga hand. Men no kan huseigaren sove trygt, og treet kan sove stille inn etter 200 år i vinden.