100.000 såg Alf Vidar bli skjelt ut

«You go to the hell» var berre ein av fleire spydigheitar frå svindlaren, som utgav seg for å vere frå Microsoft.

«You go to the hell» var berre ein av fleire spydigheitar frå svindlaren, som utgav seg for å vere frå Microsoft. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Førdianaren er glad han valde å filme då svindlarar ringde.

DEL

– Det er heilt sjukt! Videoen hadde mange element i seg som gjorde at den kunne bli populær, men du veit jo aldri kva folk kjem til å synest.

Førre veke bestemte Alf Vidar Snæland seg for å spele så dum som tenkast kan, då ein svindlar ringde og ville ta kontroll over PC-en hans. Han filma det heile, og videoen har no blitt sett av nærmare 100.000 menneske.

Det begynte med at Snæland la ut videoen på si eiga Facebook-side førre veke. Der plukka Firda det opp, og i går hamna også videoen på TV2 si nettside. Der har 82.000 sett videoen på under eit døgn.

Fekk melding av Microsoft

Førdianaren har også mottatt ei rekke meldingar, der folk har lovprisa videoen hans og takka han for ein god latter. Om ikkje dette var nok har også Microsoft Norge sendt han følgande melding:

«Hei, leit å sjå at det framleis er nokon som gir seg ut for å vere oss, og i tillegg kjem med fornærmingar. Håpar dei fem minutta du heldt ut med dei kan få svindlarane til å revurdere businessen sin, og håpar du ikkje blir plaga igjen». 

– Det er heilt utruleg å få så mange meldingar berre fordi eg la ut ein film, seier Snæland om kommentarane han har fått.

Får du lyst til å lage fleire slike videoar no?

Eg har ein plan dersom eg skulle bli ringt opp igjen, i alle fall. Eg har også fått mange førespurnader om å svare svindlarar med songteksten frå «Hello» av Adele, seier han.

Artikkeltags