Nordplan skal finne behovet for nye Førde vidaregåande skule

SKISSE: Også Indre Øyrane med Campus Førde kan vere aktuell stad for lokalisering av nye idrettshallar i Førde. Dette er ei tidleg skisse av Campus Førde som Sogn og Fjordane fylkeskommune står bak.

SKISSE: Også Indre Øyrane med Campus Førde kan vere aktuell stad for lokalisering av nye idrettshallar i Førde. Dette er ei tidleg skisse av Campus Førde som Sogn og Fjordane fylkeskommune står bak.

FØRDE: Detaljane for den nye storskulen skal vere klare til nyttår. I løpet av våren skal anbodskonkurransen for heile utbygginga lysast ut.

DEL

Tjue ulike brukargrupper har jobba med kva den nye vidaregåande skulen i Førde treng. Nordplan AS fått jobben med å koordinere svara. Selskapet vann jobben i konkurranse med fem andre.

Nordplan skal lage eit oppsett på kor mykje areal og kva funksjonar som må på plass i det nye skulebygget. Mellom anna blir det sett på kva som må byggast nytt, og kva som eventuelt kan behaldast av den gamle skulen på Øyrane.

Mange funksjonar

I tillegg til samlokalisering av Mo og Øyrane vidaregåande skule, Hafstad vidaregåande skule og fagskulen i Førde, omfattar prosjektet ny tannhelse-klinikk og bygging av fleirbrukshall.

Grovt rekna er det ei førebels arealramme på 22.000 kvadratmeter. Dagens skuleanlegg er på 9.000 kvadratmeter. Forventa investeringsbehov for ombygging og nybygg er kalkulert til om lag 500 millionar inkludert moms. Også dette er eit grovt anslag.

Rapporten frå Nordplan blir grunnlaget for anbodskonkurransen som blir lyst ut etter jul. Då skal heile skulen ut på anbod, med arkitektarbeid og bygging i ein samla pakke.

Ridehall på anbod

Avdelinga på Mo skal halde fram på Mo, og fylkeskommunen skal også investere der. Det er lyst ut anbodskonkurranse på bygging av ny ridehall og komposteringsanlegg ved jordbruksskulen.

Anbodet er rekna med å ha ein verdi på om lag 18 millionar kronar utan moms, og interesserte entreprenørar må lever anbod innan torsdag 4. oktober.


Artikkeltags