Varsla flaumfare – men verre enn dette blir det ikkje

BLIR IKKJE VERRE: Det seier meteorologen laurdag kveld.

BLIR IKKJE VERRE: Det seier meteorologen laurdag kveld. Foto:

VÊR: Det lovar i alle fall meteorologen etter at det har blitt varsla flaumfare og jordskredfare på Vestlandet.

DEL

– Det vil roe seg, konstaterer Beate Tveita, meteorolog i Storm Geo, til Firda laurdag kveld.

Det er blitt varsla jordskredfare og flaumfare på Vestlandet på gult nivå. Dette betyr eit moderat farenivå, som kan føre til skader lokalt.

I Førde stod benkar under vatn ved elva Jølstra laurdag kveld og vitna om at det har vore våte dagar, men skal vi tru Tveita blir det ikkje verre enn dette:

– Det blir ikkje noko dramatikk utover og det vil roe seg, seier ho.

Men tru ikkje at det blir så mykje betre sjølv om den verste nedbøren roar seg:

– Nei, resten av helga blir nok dominerte av bygevêr og det vil nok kome alt frå 40- 60 mm gjennom helga med lokalt store forskjellar. 

Ser vi på neste veke blir det vått også då, men særleg ille blir det onsdag:

– Då kan det bli 60–80 mm nedbør i Sogn og Fjordane, medan det jamt og trutt vil regne resten av veka.

Det blir kjølig og temperaturane vil ligge frå 7 grader dei neste dagane, men vi kan nå ein topp oppimot 13 grader tysdag og onsdag i neste veke.

 


Artikkeltags