Det blir varmt – særleg fredag og laurdag

TID FOR SOMMAR: Det blir varmt, og badetemperaturane vil nok også stige. Dette bildet er teke på Grotlesanden for eit par år sidan.

TID FOR SOMMAR: Det blir varmt, og badetemperaturane vil nok også stige. Dette bildet er teke på Grotlesanden for eit par år sidan. Foto:

I dag blir det grått. Men så blir det sommar i Sunnfjord.

DEL

– Frå og med onsdag kjem eit høgtrykk til å legge seg litt i ro, og temperaturane vil stige. Opp mot, og kanskje litt over 30 grader nokre stader i Sogn og Fjordane, seier meteorolog Martin Granerød.

Varmast i indre fjordstrøk

Ikkje uvanleg blir det indre fjordstrøk som får dei høgste temperaturane. I Stryn, Sogndal og truleg også Førde vil temperaturane fredag og laurdag kunne nå 30-talet.

– Det blir ei fin veke. Dei fleste stader kan det komme opp mot 25 grader. Men det blir nok ikkje sol frå skyfri himmel heile tida, seier Granerød.

– Laurdagen er nok den dagen vi kan rekne med mest sol. Dei andre dagane vil det nok vere nokre lette skyer innimellom. Men det toler vi nok når temperaturen ligg rundt 25 grader, seier han.

Ettermiddagsbyer og morgontåke

Så visst alt blir som prognosane viser no, så blir det fint og varmt vêr frå onsdag til søndag. I alle fall.

– Ja, slik ser det ut. Prognosen er forholdsvis stabil til og med søndag. Så blir det meir usikker. Slik det ser ut no kan det komme nokre lågtrykk frå måndag neste veke. Men det er langt fram, og vi kan håpe at høgtrykket held stand, seier Graneød.

Og sjølv om det blir flott vêr dei kommande dagane lurer både ettermiddagsbyer og morgontåke framover.

– Heilt ytst på kysten kan det komme havtåke inn, som ligg litt utover føremiddagen, og som lettar etter kvart som sola får tak. Inne i fjordbotnane kan det komme nokre ettermiddagsbyer, og faren for dette er størst onsdag og torsdag, seier Granerød.

Mindre nedbør enn normalt

– Eg har faktisk sett litt på statistikkar for Vestlandet, og det har vore mindre nedbør enn normalt til no i år, seier Granerød.

Han seier at sidan november i fjor og til no er det berre to månader der det har vore meir nedbør enn normalt. Det var i mars og i juni.

– Totalt sett har det vore forholdsvis lite nedbør på Vestlandet. Tru det eller ei, seier Granerød.

Artikkeltags