– Vi samlar opp alle manglar på ei liste og får dei utbetra fire gongar i vinterhalvåret, seier Bernhard Øberg, teknisk sjef i Førde kommune.
Mørkt i Angedalsvegen
På nettsida fiksgatami.no er det fleire som har meldt at gatelys ulike stadar i sentrum ikkje virkar. Alt frå eit par lys i Byparken til åtte defekte lys i Rennekleiva i Vieåsen. Seinast tysdag fekk Firda tips om at deler av Angedalsvegen var mørklagd.
– Her må det vere noko med innstillinga. Vi har ikkje fått melding om dette før, men eg skal gje beskjed til Sunnfjord Energi om denne strekka også, seier Øberg.
Samlar opp arbeid
Sist utbetring i sentrum var i månadsskiftet august/september. Alle sakene som er registert etter dette vil bli fiksa i løpet av tysdag og onsdag denne veka. Årsaka til at kommunen ikkje har vedlikehald oftare har med økonomi å gjere.
– Vi kan ikkje reise ut og skifte ei og ei pære. Det har vi ikkje pengar til.
– Veit innbyggjarane i Førde det?
– Det er informert om på kommunen sine heimesider, men det er mogleg at ikkje alle har fått den med seg. Vi ser at vi får inn fleire meldingar om same sak, men reperasjonar skjer ikkje over natta, svarar Øberg.