Melder opptil 21 meter høge bølger

STORM: Frådande bølger i Solund.

STORM: Frådande bølger i Solund. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VÊR: Rasande vindkast og bølger større enn rådhuset i Førde er venta. Men uvêret får ikkje noko namn.

DEL

Den sterke vinden som skal komme utover ettermiddagen og kvelden kjem til å merkast kraftig på kysten. Bølgevarselet Barentswatch.no melder at det ved 22-tida i kveld skal vere ei signifikant bølgehøgde på 10,8 meter og maksimale bølgehøgde på 21 meter nær Utvær. På Buefjorden ved Bulandet er signifikant bølgehøgde åtte meter, med største bølger opp i 16 meter.

Gigantbølger

Det betyr at bølgene ved Bulandet kan komme opp i ein storleik om lag som rådhuset i Førde. Ved Utvær blir dei endå større.

– Eg veit ikkje nøyaktig kor høgt rådhuset er, men reknar du at ein etasje byggjer om lag tre meter, vil det vere om lag 15 meter høgt, seier Førde-rådmann Ole John Østenstad.

Vervarlsinga på Vestlandet overvakar no situasjonen nøye.

 – Vi har innført auka overvaking av vêrsituasjonen, men slik det ser ut førebels ligg vi på eit fase A-varsel, altså ikkje eit ekstremvêr som får eit namn, seier statsmeteorolog martin Granerød ved Vervarslinga på Vestlandet.

– Utover dagen kjem det til å auke på til ein liten til full sørleg til søraustleg storm på kysten og periodar med sterk storm dei mest utsette stadene, seier Granerød.

Vind opp i 140 km/t

Det kjem veldig sterke vindkast, spår meteorologen:

– Det ser ut til å ramme hardast i Nordfjord. Der får vi vindstyrkar opp i 35–40 sekundmeter, medan det lengre sørover kjem til å ligge rundt 25–35 sekundmeter, seier Granrød.

40 sekundmeter svarar til ein vindstyrke på 144 kilometer i timen.

– Seint i kveld eller i natt kjem det også nedbør. Det er vanskeleg å seie om den kjem som regn eller snø, men det vil i alle fall bli mildare utover natta.

Artikkeltags