Bålforbod i fire kommunar

Artikkelen er over 2 år gammel

FRILUFTSLIV: Brannvesenet har lagt ned forbod mot bålbrenning.

DEL

– Brannvesenet i Førde har i samråd med politiet lagt ned forbod mot all bålbrenning, seier brannsjef i Førde, Bernhard Øberg, i ei pressemelding.

Bålforbodet, som Brannvesenet i Førde har innført, gjeld i Førde, Naustdal og Askvoll. Grunnen er, ifølge Øberg, det tørre vêret vi har hatt den siste tida.

– Vi har hatt ein periode med lite nedbør og mykje vind, og dette har ført til lokalt stor brannfare, seier brannsjefen

Han fortel at det vil bli gjort ei ny vurdering av bålforbodet når det kjem nedbør.

Også i Gloppen er det no innført bålforbod.

Brannsjefen har sett ned forbod mot all bålbrenning i Gloppen frå og med 8. februar. Forbodet varer inntil vi får ein annan vêrtype der forholda tilseier at det vert forsvarleg å tenne opp bål att, skriv Gloppen kommune på sine heimesider.

Artikkeltags