Mann angripen av ungdomar, gøymde seg til politiet kom

DEL

Ein mann i 30-åra vart i natt angripen av det som politiet omtalar som to gutar.

– Mannen skal ha blitt angripen ved Kroa i Førde, og han gøymde seg ved utestaden Venezia. Der fekk han varsla politiet, fortel Frode Kolltveit som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Politiet melder at mannen skal ha vore vanskeleg å forstå, og han skal ikkje ha kjent dei som gjekk på åtak på han. Mannen skal heller ikkje vere skadd etter åtaket.

– Slik vi forstår det vil han melde hendinga til politiet over helga, seier Kolltveit.

Artikkeltags