No kan du tippe på kommunevalet

Førde-ordførar Olve Grotle bryr seg lite om pengespel på kommunevalet og har heller fokus på valkampen. – Det er opp til veljarane å avgjere, seier han. Fotomontasje: Gunnar-Arne Haaland/Bent Are Iversen

Førde-ordførar Olve Grotle bryr seg lite om pengespel på kommunevalet og har heller fokus på valkampen. – Det er opp til veljarane å avgjere, seier han. Fotomontasje: Gunnar-Arne Haaland/Bent Are Iversen

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Utanlandske spelselskap tilbyr odds på ordførarkandidatane i alle landets kommunar - også i Sogn og Fjordane. Kjenner du lokalpoltikken, kan du dermed tene gode pengar.

DEL

– Ha-ha, dette visste eg ikkje, seier ein lattermild Førde-ordførar Olve Grotle (H).

Litt komisk

– Dette har jo eit lite komisk skjær, seier ordføraren, som understrekar at han ikkje har interesse av å satse eigne pengar.

Sjølv om ordføraren ser den artige sida, har han mindre tru på at slike stunt kan få opp interessa før valet blant personar som ikkje er politisk engasjerte.

Hjå det nettbaserte spelselskapet Betsson er oddsen på den sittande ordføraren 1.90 pr. 3. september, noko som betyr at ein innsats på 100 kroner vil gje 190 kroner att viss Grotle fortset som ordførar, medan Ap-utfordrar Helge Robert Midtbø, med 1.95 i odds, potensielt gir 195 kroner på konto. Skulle Senterpartiets Iris Loftheim bli kommunens neste ordførar, kan ein vinne 1000 kroner.

– Eg veit lite om denne bransjen, men det vil overraske meg om dei som set oddsen har inngåande kjennskap til lokale forhold, seier Grotle.

Midtbø outsider

Eit godt Høgre-val sist gir fornya tillit til Grotle og Høgre, skal ein tru på PR-ansvarleg Mikael Mellqvist.

– Arbeidarpartiet har uttalt at dei har veldig lyst på ordførarvervet i Førde, men ei strek i rekninga er at dei måtte finne ein ny kandidat så seint som i vår, og difor må Helge Robert Midtbø finne seg i å vere outsider, uttalar Mellqvist.

Ser ein på oddsfavorittane i fylket ligg Arbeidarpartiet an til få til å få ordførarposisjon i ti kommunar, medan Senterpartiet og Høgre ligg an til å få høvesvis åtte og seks ordførarar.

Naturleg med valodds

Mellqvist seier det er stor interesse blant publikum.

– Det er heilt naturleg å ha odds på val, og det er også noko utanlandske spelselskap har hatt i ein lang periode.

– Kva tenker ein om slike oddsspel, spesielt i svært små kommunar, som til dømes Solund? Kan ikkje ein større gjeng gå saman om å satse på ein mindre sannsynleg kandidat – både på oddsen og i stemmelokala?

– Det er viktig å understreke at det berre er lov med små innsatsar – det vil seie nokre hundre kroner – og at oddsen også kan bli justert ned. Så dette fryktar vi ikkje sidan innsatsane er låge og overvakinga så stor, avsluttar Mellqvist.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken