Lokka hit av miljøet

Medan utdanningane i Sogndal trekker til seg mange studentar frå Austlandet, kjem fleire frå Sogn og Fjordane og Hordaland til Førde for å studere.  Marianne Andberg frå Askøy (t.v.), Vebjørn Dolve frå Florø og Hanne Fauskanger frå Askøy gler seg over å vere i gang med sjukepleiarutdanninga.

Medan utdanningane i Sogndal trekker til seg mange studentar frå Austlandet, kjem fleire frå Sogn og Fjordane og Hordaland til Førde for å studere. Marianne Andberg frå Askøy (t.v.), Vebjørn Dolve frå Florø og Hanne Fauskanger frå Askøy gler seg over å vere i gang med sjukepleiarutdanninga. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Tysdag starta 200 nye studentar på høgskulen. Skryt frå tidlegare studentar og fagmiljø fekk Vebjørn (21) til å velje Førde.

DEL

Tysdag føremiddag aular det av liv på campus Førde. 120 spirande sjukepleiarstudentar og 80 som skal bli ingeniørar er klare til å starte studietida. Totalt har nesten 1200 takka ja til studieplass ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HISF) denne hausten. Det er rekord.

– Det verka som ein veldig interessant studieplass. Førde får mykje skryt frå andre studentar og fagmiljøet, seier Vebjørn Dolve (21) frå Florø.

Vil ha studentar 24/7

Nesten 60 prosent av studentane ved grunnutdanningane på HISF er 21 år eller yngre. På landsbasis er talet 56 prosent.

– Det er vi veldig nøgde med. Det er eit mål å tiltrekke seg heiltidsstudentar som kjem og buset seg på studieplassen. Det gir grobotn for levande studiemiljø, seier Terje Bjelle, viserektor for utdanning.

Dolve har emigrert til Førde for å starte på sjukepleiarstudiet. Han har nettopp flytta inn i eit kollektiv i Vieåsen, eigd av studentsamskipnaden.

– Du kan ikkje bu ein time unna viss du vil vere ein del av miljøet. Det gjeld å vere der det skjer, seier Dolve.

Saman med dei nye sambuarane Hanne Fauskanger (18) og Marianne Andberg (19), begge frå Askøy, er han klar for fadderveke og studiar.

– Vi kjenner oss allereie godt inkluderte, seier Marianne Andberg og får bekreftande nikk frå dei to andre.

Billeg husleige er eit pluss

Dei to Askøy-jentene er glade for at bustaden ligg så nærme høgskulen.

– Alt er veldig sentralt, synest Fauskanger.

Bustaden dei leiger gjennom studentsamskipnaden kostar 2500 kroner kvar i månaden.

– Det er ein fordel at det er så billig, seier dei.

Tysdag starta 96 studentar på sjukepleiarstudiet på heiltid, medan 32 begynte på deltidsutdanninga.

– Eg trur det er lettare å bli kjent med folk her enn i Bergen, fordi vi er så få på studiet, seier Andberg.

Det kan andreårsstudent Jim Roger Johansen (24) frå Askøy bekrefte.

– Førde er ein veldig god studentby. Samhaldet er veldig godt og det er lett å bli kjent med folk, seier Johansen som er klar for å vere fadder på dei nye studentane.

Artikkeltags