Vil utvide Rockne Bowl til resten av landet

UNDER KAMPEN: Arena Touchdown er ein forenkla versjon av amerikansk fotball, der tanken er å gjere sporten meir publikumsvennleg for norsk publikum.

UNDER KAMPEN: Arena Touchdown er ein forenkla versjon av amerikansk fotball, der tanken er å gjere sporten meir publikumsvennleg for norsk publikum. (Foto: )

FØRDE: Arrangør Robin Gjesdal vil spreie Rockne Bowl-konseptet til fleire skular.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

– Årets Rockne Bowl er det største vi har fått til, og den mest underhaldande kampen eg har sett sidan vi starta, seier Robin Gjesdal, dagleg leiar for foreininga bak arrangementet: Rein Rus.

Etter ein intens sisteomgang stakk Øyrane Eagles av med sigeren mot «Hafstad Bears» under årets Rockne Bowl i Førdehuset laurdag kveld.

Vil få med andre byar

Gjesdal kjem med store planar for arrangementet i åra framover:

– Dette starta som eit ønske om ein kultur og tradisjon som strekk seg forbi sjølve spelet og ut til lokalsamfunnet. Det føler eg at vi har klart. Vidare ønsker vi å spreie dette til andre byar, og få til konseptet vi har her til andre stader nasjonalt. Får vi det til her, får vi det til andre stader, seier han.

Han seier at Rein Rus har inntektene sine frå billettsal og sponsormidlar. Men for å ta konseptet vidare, treng dei hjelp frå bankar og store aktørar, fortel han. 

ARRANGØR: Robin Gjesdal, dagleg leiar for Rein Rus.

ARRANGØR: Robin Gjesdal, dagleg leiar for Rein Rus.

– Det er utstyret som krev midlar. Hadde vi drive med fotball, hadde vi komme langt med ein ball. Men hos oss er det 4000 kroner med utstyr til kvar spelar, seier han.

– Må elevane betale dette?

– Nei, alt av utstyr og drakter er det foreininga som legg ut. Vi brukar alt av overskot til utstyr, seier Gjesdal.

Gjer det ikkje for pengar

Ideen bak Rein Rus er å gi ungdommar nettopp rein rus i form av fysisk aktivitet og idrettsopplevingar. Foreininga blei stifta i 2013, og samarbeider med Helse Førde og SLT (Samordning av lokale kriminalitetsførebyggande tiltak).

– Så du gjer ikkje dette for å bli rik?

– Sjølvsagt skal vi bli rike, det blir vi kvar gong. Vi skal bli rike på den positive kjensla, energien og rusen som dette arrangementet gir. Foreininga blir driven ulønna, så vi gjer ikkje dette for økonomisk gevinst. Målet vårt er å nå ut til flest mogleg elevar for å gi dei det positive kicket som alle fekk på laurdag, avsluttar Gjesdal.

<div id='outstreamvideo'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('outstreamvideo'); }); </script> </div>

Artikkeltags