Førde-jente skal snu matteskrekken hos Oslo-elevar

PLUKKA UT: Jostein Ballestad og Kristina Sæterdal.

PLUKKA UT: Jostein Ballestad og Kristina Sæterdal. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE/OSLO: Ho er kvalifisert for tunge ingeniørjobbar. Men i staden vil ho hjelpe elevar med å bli kvitt matteskrekken.

DEL

Kristina Erikstad Sæterdal (24) frå Førde blei plukka ut som ein av 16 søkarar til det prestisjefulle programmet «Teach First Norway». Dette programmet har som mål å ta inn nyutdanna leiartalent, og bruke dei som realfagslærarar hos utfordrande ungdoms- og vidaregåande skular i Oslo.

Ho har no fått medansvar for matte- og naturfagundervisninga til tiandeklassen på Apalløkka skole i Oslo, der det er mange elevar med minoritetsbakgrunn. Der skal ho undervise gjennom Teach First-programmet i to år.

– Utfordrande, men givande

– Det er utruleg kult! Det er ei kjempemoglegheit som eg er veldig glad for. Eg søkte ikkje på andre jobbar, for dette har eg hatt lyst til i mange år, seier Erikstad Sæterdal, som leverte mastergraden sin i analytisk kjemi ved UiO i juni.

Men du kunne blitt ingeniør og tent meir. Kvifor valde du dette?

Dette er mykje meir givande. Det å stå i eit klasserom og sjå at elevane forstår noko, det er noko av det beste som finst. Eg har ein tanke: i staden for at eg reddar verda, kan eg undervise dei unge til å bli dei som reddar verda. Det er endå betre! Det er jo å redde verda som er målet, er det ikkje, spør ho retorisk.

Det er no seks veker sidan ho begynte i lærarjobben. Erikstad Sæterdal har ikkje studert pedagogiske fag før, men var med på eit intensivt kurs i England over fem veker denne sommaren, arrangert av «Teach First». Og ved skulen ho jobbar på, har ho tre mentorar som observerer ho kvar veke.

Er det ikkje utfordrande å bli kasta inn i ein tiandeklasse?

Teach First Norway

  • To-årig utviklingsprogram for nyutdanna leiartalent med master- eller doktorgrad innan realfag.
  • Utdanningsetaten i Oslo kommune (UDE), Statoil og Universitetet i Oslo (UiO) ved Institutt for Lærerutdanning og Skoleforskning (ILS) har samarbeidd med Teach First sidan 2009.
  • Deltakarane jobbar fulltid som matematikk- og naturfaglærarar på utvalde utfordrande ungdoms- og vidaregåande skular i Oslo.
  • Teach First Norway bygger på eit konsept frå England, men er tilpassa norske forhold. Det første kullet starta i Oslo-skulen i 2010. Totalt har 101 kandidatar gjennomført programmet.

– Jo, det er veldig utfordrande. Men eg sat igjen med mykje etter sommarkurset, og så har eg alltid vore glad i å formidle realfag. Eg har alltid likt å hjelpe venninnene mine med matte på skulen og slikt. Og så har eg høyrt at elevane likar meg, seier Erikstad Sæterdal, som også tidlegare var foredragshaldar for å formidle realfag ved kjemisk institutt ved UiO.

– Ikkje eit puggefag

Ho seier at visjonen med undervisningsopplegget er å snu matte- og realfagsskrekk til glede.

– Vi har veldig fokus på at dei skal forstå og like matte. Vi prøver å nå fram med at det ikkje er eit puggefag, og at det faktisk er nyttig. Difor har vi ein veldig visuell og konkret relasjon til matematikk i timane. I tillegg er visjonen at vi skal vere ein rollefigur for elevane, forstå elevane og det som ligg bak åtferda deira, seier ho.

Den unge realfagslæraren meiner denne visjonen gir resultat, og seier ho allereie har sett stor betring i klassemiljøet der ho underviser. Framover er planen først og fremst å fullføre lærarprogrammet på to år.

– Så får vi sjå. Kanskje blir det forsking til ein doktorgrad, jobb som ingeniør, eller eg kan bli lærar. Moglegheitene er opne, så får eg bruke desse to åra til å finne det ut, seier ho.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken