To personar skadd i sprengingsuhell i Førde

SPRENGINGSUHELL: Ein person er frakta til sjukehus etter eit sprengingsuhell i Angedalen måndag ettermiddag.

SPRENGINGSUHELL: Ein person er frakta til sjukehus etter eit sprengingsuhell i Angedalen måndag ettermiddag. Foto:

Frakta frå staden i ambulanse.

DEL

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder klokka 17.51 at ein person er skadd etter eit sprengingsuhell i Angedalen i Førde.

Vel ein time seinare vart det meldt av politiet at to personar vart skadde i uhellet.

Alle naudetatar vart sendt til staden etter at ulykka vart meldt.

Ukjent skadeomfang

Operasjonsleiar Arve Samsonsen fortalde til Firda like over klokka 18.00 at ein patrulje frå politiet då var på staden. Sprengingsuhellet skal ha skjedd i Slåtten-området i Førde, ifølge operasjonsleiaren.

Av rapportar politiet har fått skal den skadde personen ha blitt frakta frå staden i ambulanse. Samsonsen fortel at skadeomfanget ikkje er meldt enno.

Om det er materielle skader i samband med sprengingsulykka er heller ikkje kjent.

To personar sendt vekk i ambulanse

I ei oppdatering frå politiet klokka 19.16 melder dei at begge dei to var bevisste, men at tilstanden utover dette er ukjent.

Politiet er på staden og gjennomføre undersøkingar og avhøyr.

Det vil bli oppretta sak på forholdet.

Spylte vekk skarpe steinar

Operatør Jan Gunnar Holvik ved Alarmsentralen i Florø fortel til Firda at brannvesenet har spylt området for steinar etter sprengingsulykka.

– Det skal ha vore skarpe steinar som har blitt spreidd, seier Holvik, som ikkje har kjennskap til kor stort område som måtte spylast reint etter steinfallet.

Holvik fortel at dei involverte var frakta frå staden då brannvesenet kom til staden. Etter oppryddingsarbeidet med spyling har brannmannskapet returnert.

Artikkeltags