Mann påkøyrd i Førde sentrum

TIL LEGEVAKT: Mannen som vart treft av bilen er send til legevakt med ambulanse.

TIL LEGEVAKT: Mannen som vart treft av bilen er send til legevakt med ambulanse. Foto:

DEL

Ein mann er påkøyrd av bil i Førde sentrum. Ulykka hende i Naustdalsvegen mellom Amfi og Elvetorget. Ifølge politiet skal bilen ikkje ha hatt stor fart.

– Bilføraren melde sjølv inn at han hadde treft ein eldre mann med spegelhuset på bilen. Mannen var medviten, men blødde noko naseblod, seier Lars Geitle ved Vest politidistrikt.

Mannen vart først henta av ambulanse og send til legevakt, men er no frakta vidare til sjukehuset i Førde.

Politiet har vore på staden og avhøyrt dei involverte.

Artikkeltags