Skal gå Norge på langs – vert over hundre dagar på ski

SPENT: Karita Solvik har aldri gjennomført ein tur av denne sorten, og gler seg til å ikkje gjere anna enn å ete, sove og gå på ski. Her med hunden hennar Takotna.

SPENT: Karita Solvik har aldri gjennomført ein tur av denne sorten, og gler seg til å ikkje gjere anna enn å ete, sove og gå på ski. Her med hunden hennar Takotna.

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Saman med ei venninne skal Karita Solvik går Norge på langs, på ski. Dei to jentene har berekna 133 dagar i villmarka.

DEL

– Eg håper på ein kald vinter utan nedbør og plussgrader, seier førdianaren som snart skal gå Norge på langs, på ski.

Karita Solvik (26) frå Førde, som til vanleg jobbar ved Angedal gard, planlegg i desse dagar ein skitur over fleire av dei store fjellområda i Norge. Turen planlegg ho saman med venninna Anne Kristine Gaaserud (29), frå Hoff på Austlandet, som for tida bur i Alta. Dei to venninnene skal gå Norge på langs, og startskotet går 19. januar.

– Vi satsar på å vere på Nordkapp 31. mai, men har ingen plan om å gå raskast mogleg. Vi har sett av tid til å kose oss på turen, seier Solvik.

Ein slik tur krev planlegging

Turen startar i Lindesnes der dei vert nøydde til å gå ei veke til fots med sekk, før dei forhåpentlegvis treffer på snø og kan skifte om til pulk. Dei har ein husky kvar som vil dra lasset på snøen.

IKKJE LENGER EIN DRAUM: – Draumen skal ikkje berre vere ein draum lenger, skriv jentene på Facebook. Her er jentene på tur over Hardangervidda med hundane Takotna og Primus.

IKKJE LENGER EIN DRAUM: – Draumen skal ikkje berre vere ein draum lenger, skriv jentene på Facebook. Her er jentene på tur over Hardangervidda med hundane Takotna og Primus.

Kven som skal frakte pulken til foten av det første snøkledde fjellet, medan dei traskar til fots frå Lindesnes, har dei enno ikkje funne ut av.

– Det er mykje planlegging som står att, men vi har begge kontaktar rundt om i landet, og håper at folk vil hjelpe undervegs.

– Morosamt om vi ikkje vert sure på kvarandre

Dei to jentene har oppretta ei Facebook-side som dei har kalla «Team PikkPakk frå sør til nord» der dei ønsker at folk vil følge med på turen, og møte dei undervegs.

– Det er morosamt om vi ikkje vert sure på kvarandre undervegs, då det berre er oss to i lag. Så om folk ønsker å slå av ein prat på vegen, vert vi glad for det, seier Solvik.

Jentene skal pakke med seg telt, og bu der på store delar av turen. Av mat har dei frysetørka turmat til middag og havregryn til frukost.

– Dei dagane vi må kvile, vil vi nok ta inn på DNT- og jakthytter. Vi er også klar over at vi til tider må inn til sivilisasjonen for å fylle på matlageret igjen, seier Solvik.

Pakninga vert tung nok å dra over fjella med utstyr og mat til både hund og dei sjølve.

– Det byrjar å gå opp for oss no kor utruleg mykje mat og utstyr vi må ha med. Det verkar som vekta på pakninga aldri sluttar å stige.

Dei liker seg best ute

Sjølve grunnen til den nesten fem månadar lange turen, er så enkel som at dei to jentene liker seg best på tur.

– Vi elskar å vere ute over lengre tid, og vi har eit stort ønske om å sjå Norge ved å gå over mest mogleg fjellområde frå sør til nord, seier Solvik.

Dei er begge godt vane med å vere ute, og har vore på tur i lag før. Venninna Gaaserud har god erfaring med slike langturar då ho kryssa Grønland på tvers i fjor. For Solvik derimot vert denne langturen den første av sitt slag.

– Eg er veldig spent og gler meg utruleg mykje til å vere på tur over lengre tid. Eg kryssar fingrane for ein fantastisk vinter, avsluttar Solvik.

Artikkeltags