No kan du parkere her igjen

Oppslag i Firda 20. august

Oppslag i Firda 20. august Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Parkeringsplassen har vore stengd i heile sommar, men i går kveld vart han rydda.

DEL

– Dette er Førdes topp tre friluftstilbod, saman med Langeland og ruta rundt Soleide. Då må ein ha moglegheit å parkere der. Det er ein uhaldbar situasjon.

Det sa Tore Farsund i dagens Firda. I dag er heile parkeringsplassen open for turgåarar som vil til fjells i finvêret.

Mykje tømmer

Årsaka til stenginga var ifølge grunneigar Arne Høisæter at det hadde tatt lenger tid enn planlagd å frakte ut tømmer frå parkeringsplassen.

– Denne sommaren har vi teke ut 1600–1700 kubikk tømmer. Vi har aldri teke ut så mykje før, og det er mykje å flytte, sa Arne Høisæter i går. Då rekna han med at tømmeret ville bli fjerna raskt og allereie same kveld var arbeidet i gang.

– Pell dykk til fjells

Trond Ueland er svært nøgd med at parkeringsplassen er open igjen. Han tok turen opp i dag for å sjå, då var plassen rydda og det hadde komme opp skilt som ønsker turgåarar velkomne.

Han har forståing for at det kan vere utfordrande for grunneigarane å ta mange omsyn. Framleis ligg det noko tømmer lenger oppe som skal ut, men parkeringsplassen er open. Litt rusk ligg igjen, men det vil bli fjerna etter kvart.

– Eg synest grunneigarane har reagert raskt, all honnør til dei. No må folk berre pelle seg ut, dette er den finaste tida på året å gå på tur, seier Ueland, som sjølv kan skryte av ein nyleg tur på Førdsnipa i nydeleg seinsommarkveldssol.

Artikkeltags