Trafikkuhell ved Bekkjevatnet i Førde

FRAMLEIS KØ: Bildet syner køen i retning Langeland, like før klokka 8.

FRAMLEIS KØ: Bildet syner køen i retning Langeland, like før klokka 8. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Ein frontkollisjon på E39 ved Bekkjevatnet laga lenge lange køar på E39.

DEL

– Uhellet hende i Halbrendslia. Det er svært glatt, og ein bil har sklidd over vegen og inn i ein annan bil front mot front, seier vakthavande ved operasjonssentralen.

Ifølge politiet er det meldt om låg fart, men det skal likevel vere ein del materielle skadar. Det var ein person i kvar bil. Ingen av dei skal vere skadde etter uhellet.

SISTE: Vegtrafikksentralen melder klokka 08.05 at vegen no er open att etter bergingsarbeidet.

Det var lenge kø etter uhellet og i 8-tida vart det opplyst at køane gjekk så langt som frå Førde til Langeland. Eit felt vart opna i halv sju-tida, og entreprenør vart då kontakta for å få strødd vegen. Også på E39 retning Sande til Førde var det meldt om lange køar. I 8-tida starta køen i Langelandsområdet.

I samme tidsrom dirigerte også lokalt politi i Halbrendslia ut tungtransport frå trafikken til parkeringsarealet ved Rikets Sal i Førde. Dette for å minimere køen. Dei opplyser samstundes at uhellet skal ha skjedd nærare Bekkjevatnet, ikkje i Halbrendslia, slik politiet først meldte på Twitter.

Firda har seinare kontakta bilbergar, og uhellet skal ha skjedd i første svingen i enden av Bekkjevatnet, frå Sande i retning Førde.

Det er svært glatt fleire stader i fylket. Vegtrafikksentralen ber folk om å køyre forsiktig.

LUKAR UT TUNGTRANSPORT: Like før klokka 8 luka politiet ut tungtransport for å minimere køen på E39.

LUKAR UT TUNGTRANSPORT: Like før klokka 8 luka politiet ut tungtransport for å minimere køen på E39. Foto:

Artikkeltags