Gut påkøyrd utanfor Halbrend barnehage

INNSATSLEIAR: Gunnar Englund rykte ut då ein liten gut vart påkøyrd utanfor Halbrend barnehage måndag morgon.

INNSATSLEIAR: Gunnar Englund rykte ut då ein liten gut vart påkøyrd utanfor Halbrend barnehage måndag morgon. Foto:

Barnet vart sendt til sjukehus.

DEL

Måndag morgon like før klokka 09.00 vart ein liten gut påkøyrd utanfor Halbrend barnehage i Førde.

Politi og ambulanse var raskt på plass etter at meldinga kom. Guten var bevisst etter ulykka og fekk tilsyn av ambulansepersonell på staden.

Foreldra til barnet er varsla om ulykka, opplyser innsatsleiar Gunnar Englund.

– Barnet har blitt påkøyrd over begge føtene. Foreldra tok det heile med fatning, men er prega av det som har skjedd.

Politiet har avhøyrt bilførar og vitne. Sak vert oppretta.

Englund kommenterer at farlege situasjonar ved Halbrend barnehage og Halbrend skule er vanleg.

– Det er ei kjend problemstilling at det er fullt her ved levering. Det er mange elevar som skal på skulen og barn som skal i barnehagen. Det blir uoversiktleg, seier Englund.

Firda kjem tilbake med meir.

Artikkeltags