UP hadde onsdag ein fartskontroll i 60-sona på E39 ved Kusslia i Førde, ein stad som det nær alltid blir tekne mange i når politiet har fartskontroll.
Les også
Ni tekne i 60-sona i Kusslia

Les også
Stoppa trailer i 73 km/t i 60-sone på E39
Slik var det også denne onsdagen, og 11 forelegg for fart vart fasiten. Av desse hadde den største fartssyndaren 85 km/t i 60-sona.
Det vart også utdelt to forelegg for bruk av mobiltelefon under køyring, melder politiet på Twitter.