To personar køyrde i fjellveggen på E39 i Førde

Ein mann i starten av 30-åra og ein mann i midten av 20-åra er sendt til sjukehus i Førde etter å ha køyrt i fjellveggen..

DEL

Ulykka skal ha skjedd klokka 20.22, og vart meldt av AMK ved Helse Førde klokka 20.32.

Seinare melder politiet at ulykkesstaden skal vere E39 ved Movatnet, og at bilen skal vere køyrt i ein fjellvegg.

Bilen vart liggande på sida, og føraren var fastklemd i bilen.

Sendt til sjukehus

Politiet melder klokka 20.46 at begge dei to personane no er tekne ut av bilen. Dei blir begge sendt til sjukehus i Førde.

Dei to blir meldt bevisste, men skadeomfanget er vidare ikkje kjent.

Vegen er vart stengt etter ulykka, og det vart lange køar på E39. Etter at brannvesen har spylt vegen og bilbergar har fjerna bilen, vart det meldt av vegtrafikksentralen av vegen no er open for trafikk.

To menn i 30- og 20-åra

Operasjonsleiar Eivind Hellesund ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt fortel til Firda klokka 21.15 at skadeomfanget framleis enno ikkje er kjent.

Han fortel at dei to ombord i bilen var to menn, ein i starten av 30 åra, og ein i midten av 20-åra.

Anna enn at bilen har køyrd i fjellveggen er det ikkje gitt noko meir detaljert bilde over kva som har skjedd, og operasjonsleiaren fortel at dei enno ikkje veit om det er vitne til hendinga.

Artikkeltags