Naboar vakna av smell og naudblink. Ung mann skadd i kollisjon

VED HAVHESTEN: Bilvraket er fjerna, men hjulspora syner at bilen kom over i feil køyrebane og krasja i rekkverk og  støypekant.

VED HAVHESTEN: Bilvraket er fjerna, men hjulspora syner at bilen kom over i feil køyrebane og krasja i rekkverk og støypekant. Foto:

Ein mann midt i tjueåra kolliderte med autovern i Florø i natt. Naboar vakna av smell og naudblink.

DEL

Politiet fekk melding om ulykka klokka 02.25 natt til søndag.

Mannen var bevisst og omtåka, men «Fysisk form var OK» står det i politiloggen.

Han vart køyrt i ambulanse til Førde sentralsjukehus for kontroll og behandling.

Fann føraren i baksetet

Den kraftige kollisjonen skjedde i Firdavegen, like ved badeanlegget Havhesten, rett vest for Florø sentrum

Då naudetatane kom fram til ulykkesstaden, fann dei ein person i baksetet på bilen.

Politiet opplyser at berre éin person og eitt køyretøy var involvert i ulykka, og at mannen i baksetet var bilføraren.

Korleis han kom dit, kan ikkje operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt svare på.

Vakna av smell og naudblink

Politiet fekk straks fleire meldingar om ulykka. Naboen som først ringde, fortalde at han hadde vakna av ein kraftig smell.

Fleire andre melde frå, og dei kunne fortelje at ulykkesbilen stod med naudblink.

Store materielle skadar

Airbag i bilen var utløyst.

Det var store materielle skadar på personbilen som har utanlandske skilt.

Operasjonsleiar kan førebels ikkje seie noko om årsaka til ulykka.

Det vart rutinemessig teke blodprøve av føraren.

Artikkeltags