Mc mot bil i Førde

DEL

Politiet melder at det har vore eit trafikkuhell mellom mc og bil i Førde. Politiet er på staden, og det er ikkje meldt om alvorleg personskade.

Uhellet har skjedd i nærleiken av Sunnfjord Hotell.

– Det skal vere snakk om ei påkøyrsle bakfrå. Motorsykkelen har ikkje klart å stogge og køyrt på bilen bak frå. Det skal ikkje vere nokon som er alvorleg skadde, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt.

Firda kjem tilbake med meir

Artikkeltags