Tok seg inn og stal verktøy for fleire titals tusen

INN VINDAUGET: Per Arne Bruland trur tjuven må ha tatt seg inn gjennom eit dårleg vindauge då  verktøy for 30.000 kroner eller meir vart stole.

INN VINDAUGET: Per Arne Bruland trur tjuven må ha tatt seg inn gjennom eit dårleg vindauge då verktøy for 30.000 kroner eller meir vart stole. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: Bustadbyggelaget sitt vaktmeisterlager på Halbrendsøyra er fråstole mykje elektrisk verktøy.

DEL

– Det er jo litt frustrerande. Det er verktøy vi har bruk for, seier Per Arne Bruland.

Han har meldt eit tjuveri frå bustadbyggelaget BOB sitt vaktmeisterlager på Halbrendsøyra.

– Det er elektrisk verktøy som er stole, mellom anna ei stor sag og store elektriske boremaskiner.

Inn vindauget

Døra hadde sperr på innsida og viser ikkje teikn til innbrot. Bruland trur derfor tjuven har tatt seg inn gjennom eit dårleg vindauge og opna døra innanfrå. Vindauget er no sperra av ei plate.

– Vi satsar på at dei finn ut av kven det er. Politiet seier i alle fall at dei jobbar med saka, seier Bruland.

Stine Marie Vårdal ved Førde og Naustdal lensmannskontor stadfestar at saka er meld til politiet.

– Det skal ifølge meldar vere stole verktøy for om lag 30.000 kroner frå bedrifta hans på Halbrendsøyra i Førde, seier Vårdal.

Bruland trur det kan vere snakk om meir. Han har framleis ikkje fått full oversikt over kva som har vore på lageret og kva som har vore i bruk andre stader.

Vil ha tips

Ei anna bedrift, som har lager like ved, har fanga opp ein person og ein bil på overvakingskamera. Dette bildet er lagt ut på Facebook, men politiet vil ikkje gå god for at det er dette som er tjuven.

– Eg vil understreke at politiet ikkje har noko å gjere med dette bildet, seier Vårdal.

Men ho legg til at dersom nokon har gjort observasjonar av bilen eller mannen, så vil dei gjerne få tips om dette på 02800.

– Vi ønsker å komme i kontakt med mannen og bileigaren. Vi veit ikkje om bilen eller mannen er innblanda i saka, men ønsker kontakt uansett, seier Vårdal, og legg til at dei også ønsker tips om observasjonar som på ein eller annan måte kan ha samband med tjuveria.

Artikkeltags