Gå til sidens hovedinnhold

Lagt merke til denne? Snart begynner den å telje

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: Denne dingsen skal telje forbipasserande syklistar og motivere deg til å droppe bilen.

Sykkelteljaren kom opp ved gang- og sykkelvegen langs Hafstad vidaregåande skule på onsdag. Så langt står den berre der med teksten «takk for at du syklar», men om kort tid, etter planen neste veke, skal den begynne å telje alle som syklar forbi.

– Når du syklar forbi, får du sjå på displayet kor mange andre som har gjort det same dag og for året totalt, seier Arve Seger, prosjektleiar for Sykkelbyen Førde.

Slik vil det sjå ut:

 

Følar i bakken

Ein følar i bakken registrerer at folk syklar forbi. Følaren har lege under bakken og registrert forbipasserande syklistar sidan januar. Målet med å gi den eit raudt landemerke med teljedisplay no er å motivere.

– Dette er ein av dei små tinga som vi skal bygge opp for å gjere sykling til ein del av kvardagsaktiviteten, seier Seger.

Totalt åtte teljarar i Førde

Teljaren ved Hafstad er ein av åtte sykkelteljarar i Førde. Nokre av desse kom opp førre sommar og nokre på vårparten i år. Med unntak av teljaren ved Hafstad, er det ikkje mogleg å sjå nokon av dei.

Statens vegvesen lagar statistikk for teljinga. Statistikken, som enno er ganske fersk, viser tal på forbipasserande syklistar månadsvis for dei enkelte teljarane.

Her er eit kart over alle åtte:

 

Trafikkert strekke

Grunnen til at akkurat teljaren ved Hafstad har fått seg eit lite landemerke, er at det er ei populær strekke.

– Vi hadde ein lang diskusjon om kvar det truleg blir mykje syklistar. Vi trur det blir ein del på denne strekka, når vi får samanhengande sykkelveg opp til sjukehuset og Brulandsvellene, seier Seger, men påpeikar at plasseringa kan bli justert seinare.

Kommentarer til denne saken