Vil sjå på ulovleg parkering

VIL SJÅ PÅ SAKA: Førstebetjent og operativ leiar Joachim Malterud ved Førde og Naustdal lensmannskontor, seier at politiet vil sjå på dei ulolvelege parkeringane.

VIL SJÅ PÅ SAKA: Førstebetjent og operativ leiar Joachim Malterud ved Førde og Naustdal lensmannskontor, seier at politiet vil sjå på dei ulolvelege parkeringane. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: – Vi ser ikkje vekk ifrå at politiet kjem til å ta ei runde for å bøtelegge farlege parkeringar dei næraste dagane, seier førstebetjent og operativ anslvarleg Joachim Malterud i politiet.

DEL

– Vi er einige i at det er mykje dårleg parkeringskultur i Førde, seier Joachim Malterud, operativ ansvarleg i driftseining Sunnfjord, etter at bussjåfør Inge Johan Kirketeig etterlyste handling frå politiet mot ulovlege parkeringar som gjev parkeringskaos og farlege situasjonar.

– Men dette handlar om kva vi skal prioritere og korleis ein skal jobbe. Ein må alltid vere open for å justere innsatsen på dei ulike felta som politiet skal dekke. Feilparkering i Førde er ei kjend historie, seier Malterud, og held fram:

Prioriterer ikkje estetikk-regulering

– Politiet skal dekke over alle felt der det skjer straffbare forhold, og der må vi jobbe etter ein sentral prioriteringsmal. Trafikk er for så vidt ganske høgt oppe på prioriteringslista, men vert brukt på ruskøyring og høg fart, seier Malterud, og legg til at det er fordi det er der det er størst risiko for alvorlege ulukker og skader.

Potten som politiet kan bruke på til dømes parkering, vert dermed ikkje så stor.

– Vi driv ikkje estetikkregulering av parkeringsplassar. Det har vi ikkje høve til å regulere, seier Malterud, og nemner dobbeltparkeringar på parkeringsplassar som døme på kva politiet ikkje kan bruke ressursar på.

Les også: – Her har vi byens breiaste og flottaste fortau – og så blir det brukt til parkeringsplass og Slik står bilane parkert – men verken politiet eller kommunen gjer noko


– Eg vil påpeike at det er den enkelte bilist sitt ansvar å følgje skilting og reglar for parkering. Eg vil oppfordre alle bilistar til å vise omsyn og ikkje berre ta den enklaste løysinga. Dei fleste gjer dette, men det finst alltid nokon unntak som øydelegg, seier Dag Fiske, regionlensmann i Sunnfjord.

 

Vil sjå på saka

Når det gjeld ulovlege parkeringar som skaper farlege situasjonar, ser politiet alvorleg på dette.

– I enkelte tilfelle er det parkering på fortau, som kan vere farleg fordi det tvingar born og vaksne ut i vegen. Til dømes ved Førdehuset, kor ungane spring mellom bussane og bilane, og ved skulane. Der er vi einige i at det er ein parkeringskultur som er risikofylt spesielt for barn og unge, seier Malterud.

Han understrekar at det er naturleg at politiet tar seg ein tur til Førdehuset dei næraste dagane.

Også Dag Fiske er klar på at politiet kjem til å ta tak i parkering som er til hinder for skulebussar, eller som medfører farlege trafikksituasjonar for born og ungdom.

– Her vil det bli patruljert jamleg framover og gebyr vil verte gjeve til dei som står feilparkert, seier Fiske.

– Får folk nokre bøter der framover, så reknar vi med at vi vil få løn for innsatsen ved at problemet vil ta slutt, seier han, og legg til at det har dei god erfaring med:

– Der kor vi skriv ut nokre bøter, ser vi gjerne at det løyser situasjonen. I Langebruvegen i Førde var ein til dømes plaga med parkering på fortau. Nokre bilar parkerte konsekvent utanfor det gamle DNB-lokalet, der Folkeuniversitetet ligg i dag. Der blei det gjeve bøter, og den problematikken er no vekke, seier Malterud.

Han har god på at dette vil skje også i ved Førdehuset og andre stader kor det er ulovleg parkering som skaper farlege situasjonar.

Artikkeltags