Tysk turist mista kontroll over drone nær flyplass

BLIR POLITMELDT: Ei drone vart meldt sakna av ein turist søndag ved Langeland, og flyginga blir no politimeldt. Bildet syner skiløypene eit tidlegare år, og den avbilda drona er eit eksempelbilde.

BLIR POLITMELDT: Ei drone vart meldt sakna av ein turist søndag ved Langeland, og flyginga blir no politimeldt. Bildet syner skiløypene eit tidlegare år, og den avbilda drona er eit eksempelbilde. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Flaug i flyforbodssona nær Bringeland. No blir flyginga meldt til politiet.

DEL

– Vi kjem til å melde forholdet, seier lufthamnsjef ved Førde Lufthamn Bringeland, Kjell Otto Gjesdal.

Søndag kveld vart det lagt ut ei Facebookmelding på Langeland ski- og fritidssenter sine sider, der ein etterlyste ei drone.

Ein hotellgjest ved Scandic Hotell Sunnfjord hadde mist kontakta med dronen han hadde med seg på Langeland denne søndagen. Etterlysinga vart sendt frå hotellet.

Ingen funn enno

Magne Øvrebø, som køyrer løyper ved skisenteret fortel at dei vart varsla om at det var ein tysk turist som etterlyste dronen.

Han fortel at dei ikkje har funne noko, kring tre timar etter at meldinga kom.

– Det er jo som å leite etter ei nål i ein høystakk. Ei kvit drone på eit skisenter midt på vinteren ... Vi fann ein sakna øyredobb her på fredag på Gjøset, men den låg midt i sporet, seier Øvrebø og ler.

Fekk ingen flygeløyve

Lufthamnsjef Gjesdal fortel at reglane er klare: innan fem kilometer frå flyplassar er det flyforbodssone. Skal det flygast her, må det innhentast løyve.

– Vi har ikkje gitt noko løyve denne søndagen, seier Gjesdal.

Kvifor reglane er så klare, forklarar han slik:

– Ein kan jo risikere at det kan bli kollisjonar med anten fly eller helikopter. Om til dømes ei drone skulle treffe eit ambulansehelikopter, så går den rett gjennom frontruta. Dei veg ein del, desse dronane.

Han meiner at alvorlegheitsgraden av hendinga stig, sidan Langeland ligg midt i innflygingssona til flyplassen, berre to kilometer unna.

– Det gjer at vi no kjem til å melde saka til politiet i morgon, seier Gjesdal.

Artikkeltags