Tok laks på skulevegen

Artikkelen er over 3 år gammel

Syrisk innflyttar utsett for integrering etter sjokk-metoden:

DEL

Min syriske ven Wizam lærte ei lekse om livet på bygda i Sunnfjord i dag:

Best som du kjem syklande på veg til skulebussen, i dine finaste skule-klede, kan det hende det står ein kar på elvekanten med ei fiskestong i heilspenn, og ropar STOPP, STOPP! BIG FISH! HELP!

Og du stoppar sykkelen, går ned til muren, og der, jammen, ligg det eit sølvblankt vesen og veltar seg, og mannen ropar HÅVEN! HÅVEN! TAKE THE HÅV!!! og du ser deg kjapt om, får auge på ei stong med eit nett som ser ut som den kan brukast til noko nyttig, og så tar du den og stikk han ned i vatnet.

Mannen brøler SPORDEN FØRST! THE SPORD FIRST! TAIL! TAIL!, og du bommar første gongen, men andre gongen greier du å lure fisken inn i det litt for små nettet, du løftar han ut av vatnet og ber han betryggande langt inn på land, og spring mot sykkelen, for skulebussen ventar ikkje, men mannen ropar WAIT! WAIT! PICTURE!, og du spring tilbake, løftar opp håven, og idet det seier «klikk», legg du fisken pent med att, kastar deg på sykkelen, og rekk akkurat skulebussen på veg til norskkurset.

Og enno veit han ikkje at på veslejulaftan, då skal mannen stå der på døra hans og seie GOD JUL, og overrekke ein god mole av den ypparste kulinariske perle Sunnfjord kan by på, mør, tørr villaks, salta og røykt hos Myklebust i Førde. Klepparens lut.

Artikkeltags