Skipar Sunnfjord Venstre

GÅR IHOP: Venstrepartia går saman. Leiar Vigdis Tonning(t.v) i Jølster,Eivind Husabø i Naustdal og Anne Mette Hjelle i Førde.

GÅR IHOP: Venstrepartia går saman. Leiar Vigdis Tonning(t.v) i Jølster,Eivind Husabø i Naustdal og Anne Mette Hjelle i Førde. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITIKK: Venste i den nye storkommunen i Sunnfjord går ilag. – Dette er ein merkedag i venstrelaga si historie

DEL

Torsdag 1. februar blir det skipingsmøte for det nye partilaget Sunnfjord Venstre. Det melder partiet i ei pressemelding. 

Har jobba lenge for samanslåing

Skipingsmøtet blir halde på Førde Rådhus. Jølster, Naustdal og Førde Venstre inviterer til årsmøte i forkant av skipingsmøtet, og går så saman til eit lokallag.

Sunnfjord Venstre vil ha medlemer frå det geografiske området som skal bli Sunnfjord kommune frå 1. januar 2020. Gaular Venstre er utan aktivitet for tida, men medlemer frå kommunen er invitert inn i det nye laget.

– Dette er noko eg har jobba for og ønskt lenge, fordi det vil bety meir Venstre-aktivitet, seier Vigdis Tonning, som i dag er leiar i Jølster Venstre, i ei pressemelding.

– Ein merkedag

Eivind Husabø, leiar i Naustdal Venstre, meiner samanslåinga vil skape meir engasjement.

– Dette er ein merkedag i venstrelaga si historie, seier han i pressemeldinga.

Anne Mette Hjelle, leiar i Førde Venstre, viser til at den nye storkommunens skal løyse viktige oppgåver.

 Når vi no samlar kreftene også politisk, er målet å jobbe betre saman for felles beste. Dessutan er det kjekkare og meir sosialt å vere fleire,

Alle dei tre lokallagsleiarane er innstilt til det nye styret i Sunnfjord Venstre. Åge Avedal er innstilt som ny leiar i det nye lokallaget.

Artikkeltags