Etterlyser Sunnfjord sin x-faktor

NOKO ER PÅ GANG: Rolf Sanne Gundersen etterlyser Sunnfjord sin x-faktor. Samtidig peikar han på at noko er på gang når det gjeld Førde-identiteten. – Eg har sakna eit engasjement for ting som skjer her. Sjå på Førdianarane, VG-lista, fotballen. Det er ting som skjer her no. Tilhøyret er begynt å bli sterkare.

NOKO ER PÅ GANG: Rolf Sanne Gundersen etterlyser Sunnfjord sin x-faktor. Samtidig peikar han på at noko er på gang når det gjeld Førde-identiteten. – Eg har sakna eit engasjement for ting som skjer her. Sjå på Førdianarane, VG-lista, fotballen. Det er ting som skjer her no. Tilhøyret er begynt å bli sterkare. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: Sunnfjord har unormalt dårlege flyttetal. – For å endre det må vi finne x-faktoren vår, seier Rolf Sanne Gundersen.

DEL

– Kva gjer det spesielt å bu i Sunnfjord?

Slik spør Rolf Sanne Gundersen, leiar av Sunnfjord Næringsutvikling, på temadagen for bustadutvikling i Førde. Trass stort press på bustadmarknanden i Førde, viser tal frå Telemarksforsking at Sunnfjord har unormalt dårlege flyttetal.

– Sunnfjord har vore lite attraktiv som bustad, men det betyr at det berre kan gå oppover, seier Sanne Gundersen.

Ein viktig faktor for at folk skal flytte hit er arbeidsplassar. I 2014 auka talet på arbeidsplassar i Sunnfjord meir enn i resten av landet, og ifølge Telemarksforsking er det i offentleg sektor at veksten er størst.

Sogn har fotballaget, sylta, dei har Tone Damli og verdas beste snø. Kva har Sunnfjord? Kva er vår x-faktor?

Rolf Sanne Gundersen, SNU-leiar

– Styrken til Sunnfjord er at vi har eit breitt spekter av arbeidsplassar, men sjølv om vi ikkje er så dårlege på det, så er vi ikkje ein attraktiv plass å bu.

Må bygge opp identiteten

Han peikar på fire område ein kan jobbe med for at fleire skal ville flytte til Sunnfjord.

– Vi må ha hus, dei beste tomtene i landet, næringsbygg og næringsareal.

Les også: Enorm etterspurnad etter einebustadar  og Bustadprisane aukar, marknaden framleis stram

Vi treng tilbod og tenester som til dømes barnehage, rikt kulturliv og shopping.

– Vi har dei beste skulane i landet, men folk flyttar ikkje til Førde av den grunn. Gode skular finst det mange stadar. Det må vere noko meir. Vi må bygge opp ein identitet og kultur, eit omdømme.

– For få skryter av Førde

SNU-leiaren meiner Sunnfjord-folk er altfor lite flinke til å vere stolte av plassen dei kjem frå.

– Spør du ein sogning om kva kvalitetar heimplassen har, ser han aldri i bakken. Dei har fotballaget, sylta, dei har Tone Damli og verdas beste snø. Kva har Sunnfjord? Kva er vår x-faktor? Vi har ikkje den identiteten og kulturen dei har andre plassar. Det er altfor få som skryter av Førde.

Trur skryt hjelper

Også Pål Anders Kårstad, eigedomsmeklar i Sparebanken Sogn og Fjordane, meiner vi må synleggjere våre x-faktorar.

Pål Anders Kårstad

Pål Anders Kårstad Foto:

– Sandhall som på Vie, finst berre to plassar. Det er i Førde og Sauda. Det har dei ikkje i Bergen. Vi har mykje flott natur og friluftsarrangement. Og vi har plass til å bygge hus. Det må vi bruke for å få folk til å flytte hit, seier han.

Les også om sandhallen:– Folk sa eg var galen, men sjå no!

Ordførar Olve Grotle (H) meiner mangfaldet pregar Førde, og synest det er vanskeleg å trekke fram noko spesielt.

Pål Anders Kårstad brukar sandhallen på Vie som døme på x-faktor i Førde. Her frå opninga av den nye klatreveggen i sandhallen.

Pål Anders Kårstad brukar sandhallen på Vie som døme på x-faktor i Førde. Her frå opninga av den nye klatreveggen i sandhallen. Foto:

– Eg trur det er vanskeleg å planlegge dette, x-faktoren må komme som ein sum av ting du opplever. Men eg trur Sunnfjord og Førde framover i endå større grad vil vere eit sentrum og midtpunkt i fylket. Kanskje kan det vere ein x-faktor.

Sanne Gundersen understrekar at Sunnfjord har store utfordringar for å bli attraktive som bustadområde, men meiner det er eit godt potensial.

– Det er ingen grunn til å vere så smålåtne, vi må vere meir offensive. Det kan berre gå oppover, men då må vi gjere noko med det. Vi skal ikkje underkjenne at folk snakkar positivt om plassen dei bur. Det styrker identiteten og trivselen.

Artikkeltags